Berre ho kjem
Av Reiel Haugland | 5. februar 2010 | 3 kommentarar »Eg snudde meg.
- Hei, sa ho.
- Hei, sa eg.
Rommet stilna. Dei 250 stemmene rundt oss forsvann.
Det var smilet hennar. Ho var så glad. Så smilande. Så flott.
Eg snudde meg.
- Hei, sa ho.
- Hei, sa eg.
Rommet stilna. Dei 250 stemmene rundt oss forsvann.
Det var smilet hennar. Ho var så glad. Så smilande. Så flott.
Medan diskusjonane går om kompetansearbeidsplassar og omdømme, blir det samtidig jobba jamnt og trutt for å utvikle dei miljøa vi har. Nett no er det ledig to kjempegode og viktige jobbar i finansmiljøet i Førde. Gjensidige Bank søkjer etter direktør for nettbanken sin, og Aud Ingrid i Fjord Invest Management søkjer etter ein kollega med leiar- og styreerfaring som også blir tilbydd partnerskap i selskapet.
Sogn og Fjordane er svært sjeldan synlege når næringslivet har kåringar om størst, fyrst eller best. Difor gledar det meg stort at vi i BI og DN si kåring av ”årets unge leiar” finn vår eigen Hallvard Klakegg. Profesjonelt leiarskap er sjølve grunnlaget for utvikling og vekst uavhengig av bransje. For oss har dette hatt sterkt fokus i lang tid og det er difor ein viktig siger at vi og fylket viser igjen også i slike kåringar.
Dette har vore ei interessant veke. Men den er snart over. Håpet kan vere at neste veke blir like interessant. Men kanskje på ein annan måte. Sogn og Fjordane er ikkje eit helvete på jord. For meg er det det stikk motsette. Det er ikkje lett å sette fingeren på kva det er som gjer at dette er Heime. Alle sansane speler inn. Den lause og ledige stilen som vi alle likar. Det fantastiske smakane som tyt ut av jord og vatn. Folka som bur her med den gode kommentaren som aldri ligg langt vekke. Det å vere fri i [...]
For mange er det eit ork å komme igjennom vinteren. Eg tykkjer at vi som bur i dette landet bør ha eit aktivt forhold til alle årstidene, også vinteren kan ha sin sjarm. Det er sjølvsagt kjekkast med dei varme årstidene, men ved å ta vinteren i bruk blir den kortare! Eg tilhøyrer den delen av befolkninga som må bruke kroppen til fysisk aktivitet heile året – eg berre må ha det! Og ettersom eg tilhøyrer kontormann-gruppa tykkjer eg utandørs aktivitet er det beste, for då får ein frisk luft og naturopplevingar med på kjøpet.
Dette er overskrifta på ein kronikk i Bergens Tidende 15.01, ført i pennen av Anne Viken. Temaet er den evige fråflyttingsdebatten. Ho sparkar i gang kronikken sin med utspelet til Ingrid Heggø om at tiltaket for å kjempe mot fråflyttingsspøkelset er å omgjere studielånet til tilbakeflyttarane til stipend. Eg er heilt einig med Viken. Snakk om å ta tak i utfordringa på feil grunnlag, i feil ende og utan å reflektere over konsekvensen dette vil gjere for omdømet til fylket.
Eg vart svært glad og stolt då eg før helga såg den siste bankkåringa til Norsk Familieøkonomi. Kvart år vurderer denne forbrukarorganisasjonen alle bankar i Norge når det gjeld vilkår på bustadlån, brukskonto, høgrentekonto og BSU. I skarp konkurranse med 125 bankar vart Sparebanken Sogn og Fjordane den 12.beste totalbanken i landet. Når det gjeld bustadlån på ein million kroner er vi den 5. beste i kåringa. Alt i alt er vi den beste sparebanken på Vestlandet!
Eg sat i romjula og førebudde meg litt til å vere med i NRK Sogn og Fjordane. Dei ville ha mi meining både om 2009, men mest om utsiktene for 2010. Som vanleg blei det også denne gongen til at vi brukte meir tid på fortida enn på framtida. Det slo meg at det er litt typisk for oss her i fjordfylket. Vi har lett for å fundere meir over det som var enn å forholde oss offensivt til det som kjem. Det er tross alt i framtida vi skal vere resten av livet.
I to veker har eg hatt selskap av ein krabat på 8 månadar. På desse vekene har han lært seg å krabbe på alle fire og fått tilgang til eit nytt univers. Plutseleg kunne han ta eigne initiativ og eigne val, søke det nye, det ukjende, det spennande. Han brukte tida godt, heile tida på farten for å føle, smake, erfare både vedakorga, juletreet, støvsugaren, stikkontaktar og alt anna innanfor rekkevidde. Om eit par månadar er lysta til å gå større enn frykta for å falle. Då tek han nye kvantesprang i eigen kompetanseutvikling.
Dette er vår Mette. Mette spelar i Gaularspelet og Bygstadrevyen, og på Flygelhorn i korpset i Bygstad. På jobb i marknadsavdelinga spelar ho på mange strengar – som t.d. dei på F: fontar, fargar, flash, facebook… Mette er ein ressurs. Ho er aktiv og kreativ.