Sparebanken Sogn og Fjordane på lag med Utkant

KLARE FOR SAMARBEID: Sparebanken Sogn og Fjordane er ny generalsponsor for Utkant. F.v.: Torunn Steimler (banksjef privatmarknad Bergen), Torunn Mattson (banksjef privatmarknad HAFS og Gulen), Gunn Aase Moldestad (marknadssjef SSF) og Viggo Randal (festivalsjef Utkant).

24. oktober – Kristian Helle

Sparebanken Sogn og Fjordane har inngått ein avtale for dei tre neste åra med festivalen Utkant.

– Det er utruleg kjekt å ha med lokalbanken når vi skal lage festival. For oss er det veldig kjekt å ha med sponsorar som ser verda med same auge, seier Viggo Randal.

Han er festivalsjef for Utkant, festivalen som no får Sparebanken Sogn og Fjordane som generalsponsor.

– Det å ha ein god sponsor med på laget gjer at vi som står bak festivalen kan konsentrere oss om å gjere Utkant best mogleg. Det er med på å ta ned risikoen og ikkje minst gjer det at vi kan få realisert prosjekt og bookingar som vi elles kanskje måtte venta med, seier Randal.

Banken ser fram til samarbeidet

Utkant har kvart år sidan 2007 blitt arrangert i nydelege omgjevnader på Skjerjehamn i Gulen. Festivalen i 2020 vert 23.-26. juli, og Sparebanken Sogn og Fjordane sin banksjef i regionen seier ho gler seg veldig både til festivalen og til samarbeidet dei neste åra.

– Vi ser veldig fram til dette samarbeidet! For vår del er det veldig viktig å vere med å vidareutvikle ein så stor og fin festival i vår region, seier Torunn Mattson, banksjef for privatmarknaden i HAFS-kommunane og Gulen.

Mattson vert støtta av Torunn Steimler, som har tilsvarande jobb ved Sparebanken Sogn og Fjordane sitt kontor i Bergen.

– Dette veldig kjekt å vere med på. Det er mange frå Bergen som brukar å reise på Utkant, og Skjerjehamn er eit naturleg knutepunkt frå Bergen og opp langs kysten. For oss i banken i Bergen er det veldig kjekt å kunne assosiere oss med Utkant, seier Steimler.

– Skjerjehamn er unik

Utkant og Sparebanken Sogn og Fjordane har frå tidlegare eit langt og godt samarbeid som strekk seg fleire år tilbake i tid. Gunn Aase Moldestad, banken sin marknadssjef, er veldig fornøgd med den nye avtalen som no er i boks.

– Vi er veldig imponerte over den dugnadsinnsatsen som vert lagt ned her og kor profesjonell festivalen er. Utkant er ein fantastisk festival på ein heilt unik plass, seier Moldestad.

Ho legg også til at det er viktig for banken å vise breidde i sponsorarbeidet, og festivalar er noko som næringslivet i aukande grad ser verdien i å støtte.

– Derfor er det heilt naturleg for oss å støtte Utkant. I tillegg tek dei berekraft og miljø på alvor, og det er noko vi stiller oss bak, seier marknadssjefen.

Når det gjeld det siste Moldestad nemner fekk Utkant tidlegare i år ei gåve frå banken på 100 000 kroner gjennom miljøprosjektet Grøn Festival. Festivalsjef Randal seier at dei i år fekk styrka landstraumtilgang for båtane i hamna, og dette gav dei mange verdifulle erfarfingar som dei tek med seg inn i nytt festivalår.

– Hovudfokuset vårt for 2020 ligg på avfallshandtering og korleis vi skal få ned mengda avfall ein legg att etter ei festeleg helg her i havgapet. Her må eg også nemne at vi får god drahjelp av vår lokale renovatør, NGIR. Akkurat no ser vi på om det er mogleg å kutte eingangsglasa vi brukar i dag, seier Randal.

PÅ LAG: Ja, guffent vêr, men både Utkant og Sparebanken Sogn og Fjordane er godt fornøgde likevel! F.v.: Njål Wilberg (styreleiar Utkant), Torunn Steimler (banksjef privatmarknad Bergen), Linn Dyveke Wilberg (styremedlem og presseansvarleg Utkant), Torunn Mattson (banksjef privatmarknad HAFS og Gulen), Gunn Aase Moldestad (marknadssjef SSF) og Viggo Randal (festivalsjef Utkant).