Ungt Entreprenørskap

Vi er stolt sponsor av Ungt Entreprenørskap i Sogn og fjordane

«Startar bedrift så snart eg blir 18»

Rikard Kirkeeide Bøe irriterte seg over papir som flaut i sekkar og klasserom. Slik oppstod ein gründeride og eit entreprenørskap i Stryn. Rikard står bak etableringa av merkevaren Binderpunch – holes at once, ei lita flat holmaskin til å henge rett i bøylesystemet til permar. Maskina har slått an fordi den tradisjonelle holmaskina har ei merkeleg evne til ikkje å vere der du trudde den var når du treng den. Gjennom ungdomsbedrifta Binderpunch Outlet driv han i dag delar av verksemda, og har allereie rokke å få 50 utsalsstadar.

Eg kan, eg vil, då får eg det til

– Ideen om holmaskina var utgangspunktet for ei elevbedrift på ungdomsskulen i 2010. Då vi vart kåra til beste bedrift på fylkesmessa for Ungt Entreprenørskap same året, fekk eg auga opp for at produktet kunne utviklast vidare. Eg lever etter mottoet eg kan, eg vil, då får eg det til, fortel Rikard (17) entusiastisk.

Gründeren fekk raskt erfare den velviljen og gründerånda som kjenneteiknar designbygda Stryn. Der han fekk hjelp med utvikling av ein prototyp i Kina. I dag har elevbedrifta blitt til ungdomsbedrift som driv delar av salet og marknadsføringa av produktet. Til no er det selt over 4 000 holmaskiner. Han legg ikkje skjul på at det var ein krevjande prosess som tok mykje tid, men han understrekar samstundes at det var ein spennande og lærerik prosess. Det å jobbe med nok som ein ser gir resultat er givande, seier han og smiler.

– Når eg blir 18, startar eg mi eiga bedrift, seier Rikard som har kremmarånd i blodet. Som smågut laga han butikk i gata der han vaks opp og selde blomster og hagelaga ripsbærsyltetøy til naboane. I dag tek han entreprenørskapsfaget som han var pådrivar for å få i gang på Stryn vidaregåande skule. Han rosar både læraren, leiinga ved skulen og næringslivet som gjer ein flott innsats for å legge til rette for faget.

Ungt Entreprenørskap

– Bedrifta til Rikard er eit godt døme på effekten av Ungt Entreprenørskap som no har slått rot i alle kommunane i fylket, meiner Holger Aasen som er dagleg leiar for Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane. Organisasjonen legg til rette for at grupper med elevar kan opprette midlertidige bedrifter og prøve seg som leiarar, utviklarar, salsfolk og økonomar. Dei som deltek i slike bedrifter er ofte med på verkelege bedriftsetableringar i sitt vaksne liv. Fylket har for tida 70 ungdomsbedrifter i sving i eit ideelt samarbeid mellom skulane og næringslivet.

I Norgestoppen

– Sogn og Fjordane har utmerka seg som eit av dei aller beste fylka i Ungt Entreprenørskap. Det hadde vi ikkje fått til utan det nære og systematiske samarbeidet med Sparebanken Sogn og Fjordane. Banken har vore med heilt frå starten i 2000 med solide bidrag til drifta, gode mentorar for elevbedriftene og dommarar på fylkesmessene. I tillegg har banken køyrt ei rekke kurs i økonomi og karriereplanlegging, fortel Holger Aasen.

Stor opptur

– Ungt Entreprenørskap er eit så godt opplegg at alle med litt guts, litt galskap og ein god porsjon vilje kan prøve seg. For meg har det vore ein stor opptur. Eg har lært masse, blitt kjent med mange og fått tru på at eg skal klare å etablere mi eiga bedrift, seier 17-årige Rikard Kirkeeide Bøe.