Velkommen til toppleiarsamling 2019

7. – 9. april har vi gleda av å invitere til toppleiarsamling i Edinburgh. Tema for årets samling er Leiarskap i eit nytt Vestland, og som vanleg byr vi på godt fagleg og sosialt innhald. Det vil bli innslag av eksterne og lokale foredragshaldarar. Ikkje alle detaljar i programmet er på plass enno, men vi kan allereie no røpe at Steinar Bjartveit og Hanne Kristin Rohde blir med som to av foredragshaldarane. 

Foto: Trond Heggelund/Nettcoach

Hanne Kristin Rohde

Hanne Kristin Rohde er tidlegare toppleiar i Oslopolitiet og kjent for å vere ein tydeleg, open og uredd leiar og har motteke ei rekkje prisar for nettopp det. Ho er sterk på relasjonsleiing og har fokus på leiing som eit livslangt sjølvutviklingsprosjekt.

Foto: Moment Studio/Keiron

Steinar Bjartveit

På samlinga i fjor vår mottok Steinar Bjartveit strålande kritikk for foredraget sitt om Elizabeth I – Englands sterkaste leiar gjennom tidene. Bjartveit har gitt ut ei rekkje bøker og er ein velkjent foredragshaldar innan organisasjonspsykologi og leiing. Gjennom konsulentselskapet sitt har han utvikla leiarutviklingskonsept i Oslo, Firenze, Roma, Venezia, London og Troja.