Smartare forbruk skal gi deg lågare straumrekning

10. oktober 2018 –  Inger Marie Lien

Edgeir Vårdal Aksnes vil at du og eg skal spare pengar ved å la ein app handle straum når prisane er lågast. Så smarte er løysingane deira, at selskapet no har venteliste på fleire av produkta sine.

Avstemminga er avslutta. Følg med neste veke når vi offentlggjer vinnaren! 

Ved å kjøpe straumen direkte frå straumprodusentane, fjernar appen mellomledda mellom kunde og produsent. No er selskapet plukka ut som ein av tre finalistar i Årets Gründer 2018. Gi di stemme heilt nedst i saka!

De var finalistar i 2016 også, og kom på ein sterk 2. plass den gongen. Kva er nytt sidan sist?

– Vi følte oss veldig heldige som blei nominert den gongen, då hadde vi ikkje lansert så mykje endå. No har vi vore i marknaden i halvanna år, vi veks fort, når nye rekordar kvar veke og vi har ein solid kundebase i Norge og Sverige. Og no nyleg hadde vi eit event i Oslo der vi lanserte tre store nyheiter frå oss; smart ladeboks for elbil, pulsmålar til huset og ein «power-up» for Mill panelomnar.

Venteliste på ladeboks og pulsmålar

Ladeboksen Eeasee til el-bil skal ifølgje Aksnes gi deg 20 prosent lågare pris på straumen til bilen. Pulsmålaren til huset måler forbruket til bustaden annakvart sekund og sender det til Tibber-appen.

– Du har full kontroll på kva huset ditt gjer på, og kva som dreg mest straum, forklarer Aksnes.

–  Vi fekk kjemperespons i Oslo. Timinga inn mot el-bilmarknaden er heilt perfekt. Vi fekk fem gonger så mange bestillingar som vi hadde berekna både for pulsmålaren og for ladeboksen berre i løpet av den første veka. No er det venteliste på begge produkta, seier Aksnes.

I tillegg til å fjerne alle mellomledd mellom kunde og straumprodusent, jobbar Tibber også for å bli best på el-billading og kundane kan no kople elbilar frå Tesla, BMW, VW og Volvo rett inn i appen deira.

Set seg store mål

På tre år har bedrifta vakse frå to til femten tilsette, og i løpet av få år trur gründeren dette talet vil vere dobla.

–  Det aller beste eit gründerselskap opplever, er at produktet blir tatt godt i mot, at ein får positiv omtale, og kundar som pratar med andre og rekrutterer andre kundar. Det er kanskje banalt, men det er også dette som er livsgrunnlaget vårt. Ingen kundar, ingen suksess, seier Aksnes.

Og at kundane strøymer til, er det ingen tvil om; i fjor passerte dei 10 000 brukarar, og målet om å nå 1 000 000 innan 2025 trur Aksnes dei kjem til å justere opp, slik tala ser ut no.

Meir synleg i Førde enn i storbyar

Det å vere gründer i Sogn og Fjordane trur Aksnes er ganske likt som overalt elles. Gründerkvardagen meiner han skal vere prega av steinhardt fokus, målretta jobbing og at ein alltid jobbar kunderetta. Han ser éin stor skilnad og fordel med å ha kontor i Førde.

– Ein kan vere vesentleg meir synleg som ein potensiell arbeidsgjevar her i Førde, kontra til dømes ved kontoret vårt i Stockholm eller i andre større byar der vi berre blir ein av mange teknologibedrifter. Her skil vi oss meir ut, og det er veldig positivt for oss, seier Aksnes.

Han merkar likevel at rekrutteringa er meir utfordrande no enn for berre 1-2 år sidan.

– Konkurransen om dei største talenta er hardare no enn før. Ein merkar at næringslivet har fått seg eit oppsving, og at ting går betre, men for oss bedriftene betyr det at vi må jobbe hardare for å nå dei beste, seier han.