Kjempekjekt å sjå at de prioriterte arrangementet Bank på Tanken i går ettermiddag. Vi i banken er imponert over den iveren og engasjementet de la for dagen på dei ulike postane.

Vi håpar at du fekk nyttige tips som du kan ta med vidare i studietida,- og seinare i livet for den del. Det kan heilt sikkert vere konkrete ting du framleis lurer på – stikk innom i banken så skal vi hjelpe så godt vi kan!

Her har vi samla nokre tips til sparing og forsikring for studentar, kjempegreitt å lese!

Bilder frå arrangementet ser du i galleriet under, sjekk også ut Instagram #bankpåtanken, der ligg no både bilder vi har tatt, og bilder de sjølv har delt.

Helsing Leif Arne og resten av gjengen i banken