Subsea utdanning

Vi er stolt bidragsytar til Subsea utdanninga i Florø

Jubelen stod i taket

Eit magisk øyeblikk for ny giv og gule boksar i Florø

25. september i år gjekk prosjektleiar Kristin Maurstad på talarstolen i Flora samfunnshus. For 250 politikarar og næringslivsfolk skisserte ho planane for ei ny ingeniørutdanning i undervassteknologi. Ho kunne stolt fortelje at Høgskulen i Bergen garanterte for det faglege, at lærarkrefter, praksisplassar og lokale var på plass. Ho sa at alle var positive til ei ny bacherlor-utdanning i Florø og at den kunne bli avgjerande viktig for vidareutvikling av petroleumsnæringa i byen og fylket. Det var berre ei stor rift i glansbiletet, ho mangla nesten 12 millionar kroner til realisering av draumen. -Tre oljeselskap har velvillig støtta forprosjektet, men førebels har vi berre fått lovnad om 450 000 kroner til hovudprosjektet. Vi treng 12 millionar kroner for å setje i gong det treårige studiet, sa ein litt skuffa prosjektleiar i Fram Flora før adm. direktør Arvid Andenæs gjekk på talarstolen.

Unik sjanse

– Kristin Maurstad i Fram Flora og Trond Strømgren i Folkeuniversitetet har gjort ein imponerande planleggingsjobb. Ei subsea-utdanning i Florø vil gjere oljemiljøet i byen meir attraktivt. Det er skrikande mangel på denne typen ingeniørar. Her har fylket ein unik sjanse til å få sterkare innpass i den ekspansive oljenæringa. Sparebanken Sogn og Fjordane meiner at vi må nytte denne sjansen. Banken og eigaren vår, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, har bestemt seg for å støtte det nye bachelor-studiet i Florø med to millionar kroner, sa Arvid Andenæs.

Forløysing

Jubelen stod i taket. Lovnaden frå bankdirektøren forløyste ei ny tru og ein ny giv i prosjektet. – Så kraftige jubelrop og så lang applaus har eg aldri høyrt i ein konferansesal før. Det var eit magisk øyeblikk. Sjølv om eg hadde fått nyss om gåva frå banken på førehand, kjende eg ei enorm lette og stor glede inn i meg, strålar Kristin Maurstad. Prosjektleiaren meiner gåva frå banken på to millionar kroner utløyste gjevargleda til andre sentrale aktørar. Nokre dagar etterpå trilla det inn to millionar kroner frå Statoil, ein million frå GDF SUEZ, ein million frå INC-Gruppen som mellom anna driftar Fjordbase, 500 000 kroner frå BG og 450 000 frå selskapet Underwater Technology Foundation som var aller først med rause pengar til hovudprosjektet. Prosjektleiaren har også andre, glade gjevarar på hand og er temmeleg trygg på at subsea-utdanninga i Florø kjem i gang med 30 elevar neste haust.

Meir attraktiv

– Vi treng ei høgskuleutdanning på kysten for å knyte sterkare band mellom næringslivet og dei unge. Vi treng pulsen og omdømet som eit bachelor-studium i Florø kan gje, og ikkje minst treng vi vere budde på at avanserte, gule boksar på havbotnen blir drivaren i oljenæringa dei komande åra. Med denne utdanninga på plass, blir Florø og Sogn og Fjordane meir attraktiv for framtidas olje- og gassprodusentar, smiler Kristin Maurstad.