Sondre250x250SONDRE JUSTAD (f. 1990) er frå Lofoten og fekk i fjor sommar heile Norge til å synge med på den nordnorske strofa «Nu har du mæ». Poplåta blei fort ein radiofavoritt, og blei blant anna A-lista på P1.

Sondre har hatt TV-opptreden blant anna på P3 Gull og Senkveld, og Spotify har lista han opp som eitt av fem navn å følge med på i 2015. Han har spelt på fleire festivalar i år, og i haust kjem han med debutalbumet sitt.

Då Sondre var gjest i radioprogrammet Christine på P3 i fjor,  framførte han sin nordnorske versjon av Sam Smith sin «Stay with me», noko som resulterte i A-listing på same kanal.

Han har følgt opp «Nu har du mæ» med to andre singlar; «Det e over» og «Tilbake». Begge gjekk rett inn på spelelistene til fleire av landets radiokanalar.