Sparebanken Sogn og Fjordane er best på likestilling!

Eirik Rostad Ness, HR-direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, kan glise etter at Sparebanken Sogn og Fjordane hamnar heilt øvst i den ferskaste målinga av SHE Index. Her saman med Heidi Aven i SHE Community. Foto: Siv-Elin Skoglund

23. oktober 2019 – Kristian Helle

Ei heilt fersk måling viser at Sparebanken Sogn og Fjordane tronar øvst av 91 bedrifter på likestilling!

Tysdag kveld vart siste versjon av SHE Index offentleggjort. Denne indeksen måler kor gode selskap i Norge er på kjønnsbalanse.

Den viser at ingen er betre enn Sparebanken Sogn og Fjordane på likestilling! Av 100 moglege poeng har banken fått 94, og toppar med det framfør store bedrifter som DNB, OBOS BBL, Schibsted og IKEA.

– Å bli kåra som best på likestilling blant svært mange av dei største bedriftene i Norge, gjer meg stolt! Vi har jobba målretta med mangfald og likestilling i banken over tid, og det er utruleg kjekt å sjå at dette gir resultat, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Heile rapporten og lista er tilgjengeleg på SHE Community si heimeside, og du finn den her.

Systematisk og målretta

Dette er andre gong banken er med i denne indeksen, som SHE Community står bak saman med EY. Førre gong vart det ein 5.-plass.

Banken sin HR-direktør, Eirik Rostad Ness, var sjølv til stades på konferansen i Oslo då resultatet vart offentleggjort. Akkurat som Teigene er sjølvsagt også han stolt.

– Eg er utruleg stolt! Men samstundes er eg ikkje overraska. Dei siste åra har vi jobba systematisk og målretta for å betre kjønnsbalansen i leiinga og redusere lønsforskjellar i banken. Det at vi no tronar øvst på «likestillingspallen» er eit resultat av at ulike premissleverandørar i banken trekker i same retning, seier Rostad Ness.

Bakgrunnen for det gode resultatet

Han held fram:

– Sparebanken Sogn og Fjordane er oppteken av å legge forholda til rette for kvinner i leiande stillingar, og vi har tatt målretta grep for å auke andelen kvinnelege leiarar. I styret er fem av ni medlemmer kvinner, seier Rostad Ness, og viser også til følgande:

  • Konsernleiinga har fire kvinner og fire menn, i tillegg til adm. direktør som er mann.
  • Andelen kvinner med personalansvar har auka.
  • Vi er i  gang med å utarbeide lokale likelønnsindikatorar, slik at vi kan følgje utviklinga over tid og sette i verk målretta tiltak for å sikre og oppretthalde likelønn i banken

I tillegg til punkta over er det også fleire andre ting som var positivt for resultatet. Mellom anna er banken blitt medlem av «UN Global Compact Womens’ empowerment», og banken har også ei stor satsing på ei større leiar- og talentutviklingsprogram.

– Likestilling, mangfald og berekraft er viktig for oss. Desse verdiane er ein del av vårt samfunnsansvar, men å investere i desse verdiane er også lønnsamt for oss på lang sikt. Likestilling, mangfald og berekraft er «good for business», seier HR-direktøren.

Dette synet delar også den administrerande direktøren.

– Mangfald og likestilling er avgjerande i ei næring som står i store endringar som krev innovasjon og endring. Det er også svært viktig for å kunne vere ein attraktiv arbeidsplass i kampen om dei beste folka. Vi har rekruttert 75 nytilsette dei siste tre åra, og det å vere gode på mangfald og likestilling har vore viktig for oss også i dette arbeidet, seier Teigene.

TOPP 10 SHE INDEX

1: Sparebanken Sogn og Fjordane
2: DNB
3: OBOS BBL
4: Schibsted
5: IKEA Norge
6: Nordic Choice Hospitality Group
7: ManpowerGroup Norway
8: EVRY
9: Sparebanken Vest
10: Equinor