PerMathias250x250PER-MATHIAS HØGMO er frå Gratangen i Troms, og er trenar for det norske herrelandslaget i fotball. Han har tidlegare også trena det norske kvinnelandslaget, og èin av hans største merittar var då han leia damene til OL-gull i Sydney i 2000. 

Per-Mathias var toppfotballsjef i Norges Fotballforbund (NFF) frå 2006 til 2008, og han har vore ekspertkommentator for fotball i NRK.

Høgmo begynte fotballkarrieren sin då han spelte for Gratangen på 70-talet. Han har etter det også spelt for Mjølner, Tromsø IL og IFK Norrköping. Som spelar har Høgmo cup-gull med Tromsø IL etter seieren over Lillestrøm i 1986.

I 2011 tok han til på ein doktorgrad ved Universitetet i Tromsø innan toppidrettsforsking. Graden omhandlar blant anna lagbygging, spelarmønster og spelarlogistikk.