bustadkveld2015

Vi inviterer til bustadkveld med viktige tema for deg som er ny i bustadmarknaden eller ønskjer å kjøpe ny bustad. Her vil du få svar på mykje av det du lurer på.

PROGRAM
Korleis finansiere bustaden din. Råd og tips frå banken.
Kort presentasjon av utbyggjarane.
Kjøp av bustad. Gjennomgang av prosessen ved Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.
Interiør og gjenbruk – korleis skape ein heim på lågbudsjett? Møt interiørbloggaren Marthe Holien Bø.

Utbyggjarane er henta inn lokalt for distriktet her.

Det er avgrensa tal plassar, så her er det førstemann til mølla! Ta med ein ven eller venninne, og set av kvelden. Det blir enkel matservering. Meir informasjon og påmelding for bustadkveldane finn du nedanfor.

22. oktober: Bustadkveld Førde