Opptur840x200Nok ein gong er vi klare til å gjere stas på deg som er engasjert i idrett, musikk, festival eller rett og slett berre er oppteken av at det blir skapt liv og røre i fylket. Kom derfor på årets Opptur!

Tid: Tysdag 29. september
Opptur startar klokka 18. og er ferdig ca. 21.00. Det blir matservering ca. halvvegs i programmet.

Stad: Flora Samfunnshus, Kinosalen.
Arrangementet er gratis

I ÅR FÅR DU MELLOM ANNA HØYRE:

PerMathias150x150PER-MATHIAS HØGMO har vore trenar for Norges herrelandslag i fotball sidan 2013. Han har tidlegare vore trenar for Moss, Rosenborg og Tromsø, og det norske kvinnelandslaget i fotball. Han er dermed den einaste som har vore trenar for både herre- og kvinnelandslaget.

Les meir om Per-Mathias.

 

Ailo150x150AILO GAUP er tidlegare verdsmeister i Freestyle Motorcross, FMX. Han har vunne verdscupar, verdsmeisterskap og alle norgesmeisterskap som har vore arrangert. Ein slik sport tærer sjølvsagt på kroppen både fysisk og psykisk, og i Florø vil Ailo fortelje om sine opp- og nedturar, og i tillegg vise bilder og filmar frå ei actionfyllt karriere.

Les meir om Ailo.

 

Sondre150x150SONDRE JUSTAD gjorde stor suksess i 2014 med singelen «Nu har du mæ» som har blitt spelt flittig på fleire radiokanalar, og i tillegg blitt A-lista på P1. Denne låta har han følgt opp med «Det e over», ein singel som gjekk rett inn på spelelistene til både NRK P3 og NRK P1. I oktober kjem han med sitt debutalbum.

Les meir om Sondre.

 

Sjå heile programmet og meld deg på her

VINN 10 000 KRONER!
Alle som representerer eit lag eller organisasjon og som fysisk møter på årets Opptur er med i trekninga av to gåvekort på 10 000 kvar.

Spørsmål? Kontakt paal.fidjestol@sparebankstiftinga.no – 911 58 009 eller gunn.aase.moldestad@ssf.no – 481 67 080