Mindre penn og papir skal lette pasientkvardagen

10. oktober 2018 –  Inger Marie Lien

Med eit individuelt tilpassa kartleggingsverktøy skal Norse Feedback sikre ein betre og lettare kommunikasjon mellom pasient og behandlar innan mental helse.

Avstemminga er avslutta. Følg med neste veke når vi offentlggjer vinnaren! 

Mental Health Informatics blei starta i fjor haust med mål om å vidareutvikle Norse Feedback. Tilbakemeldingsverktøyet har allereie fått god respons frå både inn- og utland, og no er dei plukka ut som ein av tre finalistar i Årets Gründer 2018. Gi di stemme heilt nedst i saka!

Joachim Vie er dagleg leiar i selskapet og fortel at systemet skal sikre betre pasientmedverknad.
–  Det er heilt avgjerande med god kommunikasjon mellom pasient og behandlar for å sikre rett behandling og god oppfølging av pasienten. For å avdekke behov og ønskjer hos pasienten har vi eit sett med utsegn som pasienten skal ta stilling til.

Ifølgje Vie finst det andre slike tilbakemeldingsverktøy, men Norse Feedback er heildigitalt og famnar om eit breitt spekter av pasienten sine utfordringar og styrker.
–  Vi har ei klinisk validert kartlegging som består av ei rekke utsegn som pasienten skal ta stilling til. Pasienten sine tilbakemeldingar gjev behandlaren eit betre og meir heilskapleg bilete av korleis pasienten har det, seier Vie.

Individuelt tilpassa spørsmål

Det er professor Christian Moltu og forskar Samuel Nordberg i Helse Førde som er oppfinnarane av Norse Feedback.

– Gjennom eit forskingsprosjekt såg ein behovet for å komme opp med eit nytt tilbakemeldingssystem som tok omsyn til behova til både pasient og behandlar. Resultata frå forskinga var så gode at Helse Førde ville kommersialisere dette, seier han.

– Med den nye løysinga kan pasienten sitte heime i fred og ro og fylle ut kartlegginga. Det som er spesielt positivt, er at kartlegginga fortløpande tilpassar seg pasienten sine tilbakemeldingar, og såleis gir den enkelte pasient ei meir persontilpassa oppleving. Svarer ein til dømes «nei» på noko som omhandlar rusmidlar, så får ein ikkje fleire spørsmål om dette, forklarer Vie.

Norse Feedback er eit avansert system, men skal vere intuitivt og romme mykje informasjon.

– Det har vore krevjande å utvikle noko som er lett å bruke både for pasient og behandlar, og no ser det ut som vi har lykkast, smiler Vie.

Stor interesse frå inn- og utland

Norse Feedback er i dag i bruk i Helse Førde, som pilot i Helse Bergen og Helse Midt-Norge. I tillegg er dei i ferd med å signere pilotavtalar i England ved fem større klinikkar.

– Då vi var i England og presenterte på ein konferanse tidlegare i år, fekk vi svært gode tilbakemeldingar. Det er fleire som etterlyser eit slikt digitalt verktøy. Det er utan tvil eit verktøy som kjem til rett tid, fortel Vie.

Vie ser mange fordelar ved å vere gründer i Førde, Sogn og Fjordane.

– At vi er lokalisert i Førde, Sogn og Fjordane, er ein kjempefordel. Norse har fått godt fotfeste, vi har tilgang på eit sterkt fagmiljø i Helse Førde og det er kort veg frå idé til utprøving. Dette er heilt unikt, seier Vie.

Ser du på deg sjølv som ein gründer?
– Ja, definitivt. Det er kjempespennande å få vere med å bygge opp dette. Det er ein variert og spennande kvardag!