Sparebanken Sogn og Fjordane er stolt sponsor for MGP delfinalen og samarbeidar tett med Per Øyvind og Roy i eventselskapet Hipp Hipp Flora. Vi trur Florø får mykje igjen for å vere vertskap for MGP delfinalen, men MGP er så mykje meir enn berre direktesendinga på NRK.

3 englar vann MGP Lokal Finalen

Dei 5 talenta som gjekk vidare frå MGP Lokal Finalen i Florø vart Johanna Knudsen (12) frå Jølster, Hanna Kvamme (15) frå Vågsøy, Eivind Bolstad (16) frå Luster, Ida Skjerping Mo (17) frå Lærdal og Three Angels. Dei 10-år gamle jentene i ”Three Angels”, Sunniva Flaten Brekke, Oline Challen og Marie Jacobsen Lillestøl frå Nordfjordeid vart også vinnarane av tur til MGP Finalen i Spektrum. Fantastisk mykje flinke folk også blant dei som ikkje gjekk vidare! Dette lovar godt for framtida. Vi gleder oss til å sjå og høyre dei 5 vinnarane når dei skal opptre foran over 3.000 publikummarar i Idrettshallen.

Fredagskveldens talent tirade gjort stort inntrykk, og etter litt godsnakking med produsent Marcus i Dinamo fikk vi akkreditering for å følgje dei 5 som vant MGP Lokal timane før den store kvelden. Dei har kanskje kveldens viktigaste oppgåve – dei skal sette stemninga før hovudartistane kjem på scena. Men vi er heilt trygge. Artistane viser kvaliteten av det fylket vårt har å by på. Vi var med på prøvene, og nytta også sjansen til å bli betre kjent med dei.

Johanna Knudsen er 12 år og kjem frå Jølster. Ho var førstemann opp på den store hovudscena, og imponerte med eigen komponert song ”Den jeg stoler på” og ein tryggleik sjølv Anne Rimmen burde misunne ho. Johanna tar på eit kjempesmil når ho er ferdig og uttrykker at dette er heilt fantastisk! Ho er faktisk ikkje nervøs – berre gleda seg. Johanna har sunge sidan ho var 4–5 år og favorittartisten er Cheryl Cole. Det er ikkje første gangen  Johanna står på scena. I september var ho med på MGP Junior, og kom blant dei 10 beste. Før ho hastar vidare så får vi også vite at Didrik er storidol, og at ho elskar å blogge. Stas! Vi har tenkt å sjekke ut http://butterflystar.blogg.no/

Dei neste to jentene heiter Ida Skjerping Mo (17 år) og Hanna Kvamme (15) og kjem frå Lærdal og Vågsøy. Ida har sjølv forfatta songen ”Never again”. Ho elskar å skrive. ”Eg har så mykje inni meg, og det er ofte lettare å synge det enn å forklare det”. Ho smiler. Til vanlig går ho på musikklinja på Firda Vidaregåande skule. Det første songminne har ho frå ho var 3 år. Det var jul, og ho underhaldt heile familien med julesong og juledans medan dei baka julekaker. Hanna går på Måløy Ungdomsskule. Ho fant songen ”Whiskey lullaby” på YouTube. Ho har ei fantastisk stemme. Hanna ler litt av komplementet og kan avsløre at ho elska Titanic-songen når ho var liten. Da var ikkje stemma så bra – og med falske tonar og dårlig engelsk song ho for full hals. Da var ho 3 år. Jente ler. Det er ikkje første gangen dei står på scena, og erfaringa og muligheita for å vise seg fram er grunnen til at akkurat dei har meldt seg på MGP. Begge har vore på UKM fleire gongar, og Hanna kom også på 1.plass på ein Talentkonkurranse i Måløy. Musikken betyr mykje for dei, og Ida har planane heilt klare. Om 10 år er ho musikkterapeut, og om ikkje CD utgivingane kjem som perler på ei snor så er det i alle fall hobbyen. Vi trur vi får sjå meir til begge jentene.

Einaste hanen i korga er Einar Bolstad. Han er 16 år og kjem frå Hafslo i Luster. Einar skil seg ut. Han syng på nynorsk og er stolt av det. Han har også ei stemme som gir gåsehud. Einar imponerar! Han kan fortelje at han har sunge siste 6 åra og brukar i dag nesten 3 timar i veka hos songpedagog Bjørn Gisle Sæter. Songen, ja den heiter ”Songen” og er skreve av Børge Vatlestad. Til vanleg går Einar på Sogndal Vidaregåande skule på bygg og anlegg. Han spelar fotball, og er litt usikker på framtida. Men musikk er kjekt, og favorittartisten til denne karen er ikkje Heavy Metal men Josh Groban.

Sist ute er tre sjarmtroll frå Nordfjordeid, og dei er også dei store vinnarane som får reise til Spektrum 12. februar. Three Angels = Sunniva, Oline og Marie. Dei er alle 10 år og vi garanterar – når du høyrer dei så må du berre danse og smile. Dei er tvers gjennom sjarmtroll, med eit songtalent, entusiasme og energi ein skal leite lenge etter. Vi får samla alle tre og er jo sjølvsagt litt nysgjerrige på dagens oppleving. ”Det var mykje større enn vi hadde trudd” seier dei i kor. ”Noko heilt anna en operahuset på Nordfjordeid – her skal jo 3.000 menneskjer høyre på oss i kveld» seier Sunniva. Dei er litt nervøse. Og vinne var stort. Men dei er ikkje ferske artistar. Alle tre er med i kulturskulen på Eid, dei har vore på UKM, Måløydagane og dei har sunge i lag siste 2 åra. I tillegg til alt turnelivet driv dei også med handball, piano, kor og ballett!  Favorittar er Tone Damli Aaberge og Miley Cyrus. Opplevinga i Spektrum gledar dei seg til, men det er litt fram i tid. I kveld er det ein ting som gjeld – å rocke scena og gi alt. Three Angels er klar!

Kva er MGP Lokal?

MGP Lokal er eit eige fylkeslokalt Melodi Grand Prix for born og ungdom mellom 10-17 år. Eit slags «MGP Jr i Sogn og Fjordane», med andre ord! Det har vore MGP Lokal arrangement i Førde, på Sandane og i Sogndal og i Dale. Det vert kåra vinnarar frå kvar MGP Lokal delfinale. Videoar av talenta som var med i finalen ligg på NRK sine nettsider og sjølve finalen vart streama på nrk.no. Her er ei oversikt over alle dei 16 finalistane:

– Vilde og Halvor Nesbakk med «Always on your side»
– Johanna Hovland Knudsen med «Den jeg stoler på»
– Anniken Beinnes med «Fallin»
– Sveinung Brandsøy med «Proud Mary»
– Maren Sunnarvik, Martine Reksten og Synnøve Odjik Solbakken med  med «Perfect picture»
– Hanna Kvamme med «Whiskey lullaby»
– Three Angels (Sunniva Flaten Brekke, Oline Challen og Marie Jacobsen Lillestøl) med «Vi hopper og spretter»
– Ida Therese Lien Hoel med «Don’t cry your heart out»
– Tiffany Roxanne Huston med «The story»
– Johanne Skjerping Øren med «Run»
– Ida Skjerping Mo med «Never again»
– Einar Bolstad med «Songen»
– Anders Martin Helle med «Life is what you make it»
– Arlen Espeland med «In the arms of an angel»
– Julia Gåsvær med eigenkomponert låt «Small Big Dream»
– Dubie Toa-Kwapong med «Redemption Song»

Sjå bilete frå MGP Lokal i Førde, bilete frå MGP Lokal på Sandane, MGP Lokal artikkel i Sogn Avis

MGP-show på Haffen

Vi inviterte til MGP-show på Haffen i Florø med karaoke, konkurransar og pizza. Mange flinke ungdommar vann billettar til delfinalen på laurdag. Sjå bilete her.

 

Link til Facebooksida til MGP Florø