Har du fått beskjed om å oppdatere legitimasjonen din?

Vi har tatt kontakt med mange av kundane våre for å oppdatere legitimasjonen sin. Har du ikkje blitt kontakta, kan du sjå vekk frå dette.

Ei ny lov stiller strengare krav om gyldig legitimasjonsdokument for kundar. Her får du meir informasjon om kva du må gjere dersom du har blitt kontakta, og litt om bakgrunnen for desse oppdateringane.

Det enklaste er å ta med passet og møte opp i eit av kontora våre, slik at vi kan registrere opplysningane om deg.

Dersom det er upraktisk, eller du bur for langt unna, så kan du nytte deg av PUM-løysing (Personleg utlevering mottaksbevis). PUM er ei teneste som vi kjøper av Posten.  Avtalen med posten er skriftleg og etablert i samsvar med lovverket. I korte trekk går tenesta ut på at banken sender rekommandert brev til kunden. Kunden møter fram på eit av posten sine kontor personleg (også post i butikk) og legitimerer seg. Posten scanner legitimasjonen og sender den i retur via Digipost til oss.

Ta kontakt med kundesenteret vårt på telefon 57 82 97 00 for å bestille PUM, eller send ein e-post til kundesenteret via pålogga nettbank med teksten «Eg ønsker å bestille PUM og stadfester at adressa mi er: Adressevegen 20, 1234 Adresse».  Frist for PUM er satt til 15. november.  

NB! Frist for oppdatering av legitimasjon er 1.november 2019. Dersom vi ikkje har fått inn godkjent legitimasjon frå deg innan fristen, kan vi måtte sperre kontoane dine fram til vi har registrert godkjent legitimasjon på deg.

Disponerer du ein konto sjølv, eller på vegne av andre personar, eller selskap er du kunde. Dersom du meiner at du ikkje gjer det, så send ein melding til vårt kundesenter så vil dei ta kontakt.

Informasjonen du deler blir behandla konfidensielt i samsvar med banken si teieplikt.

Legitimasjon for barn 7-17 år

Vi aksepterer berre pass som gyldig legitimasjon for mindreårige. Dersom de har eit Sparebanken Sogn og Fjordane-kontor i nærleiken, kjem de innom eit av kontora med gyldig pass. Dersom det er vanskeleg for dykk å kome innom med pass innanfor opningstida vår, tek du kontakt med kunderådgjevaren din og avtalar eit tidspunkt som passar.

Takk for at du legitimerer deg på nytt hos oss. På den måten kan vi forsikre oss om at din kundeidentitet er rett!

Her finn du ein del spørsmål og svar om legitimasjon.

Kvifor er legitimasjonskrava blitt strengare?
Legitimasjonskravet er skjerpa både i Norge og internasjonalt. Med oppdatert informasjon er du betre beskyttet mot ID-tjuveri, svindel og andre former for økonomisk kriminalitet. Dette betyr ikkje at vi mistenker kundane våre, men oppdatert legitimasjon er nødvendig for å tilfredsstille kravet frå myndigheitene.

Kva er gyldig legitimasjon?
Vi aksepterer pass som gyldig legitimasjon. Dette er gyldige pass: Norsk pass, utanlandsk pass, norsk utlendingspass og reisebevis for flyktningar med RFID.

Vi aksepterer også førarkort for kundar etablerte før 1. mars 2007.

Kvar kan eg legitimere meg?
Det enklaste er å ta med passet ditt og ta turen innom eit av bankkontora våre. Bur du langt unna, kan du nytte PUM-teneste. Ta kontakt med kundesenteret for å bestille PUM (Personleg utlevering mottaksbevis).

Kvifor må eg oppdatere legitimasjon, sjølv om eg har vore kunde her lenge?
Etter kvitvaskingslova§ 12 må banken innhente og bekrefte opplysningar om alle våre kunder. Sjølv om vi kjenner mange av kundane våre godt, må vi oppdatere din kundeidentitet hos oss.

Meir info finn du på: finanstilsynet.no/forbrukerinformasjon/Hvitvasking/

Kva skjer dersom eg ikkje oppdaterer legitimasjonen min?
Dersom du ikkje oppdaterer din kundeidentitet med gyldig pass hos oss, kan konsekvensen bli at kontoen din blir sperra for uttak inntil vi har registret oppdatert legitimasjon på deg.

Kvifor har andre eg kjenner ikkje blitt spurt om dette?
Nokre kundar er allereie legitimerte, og i tillegg jobbar vi med å nå ut til alle med denne informasjonen.

Kontoen min er sperra. Kva gjer eg?
Dersom du har fått beskjed om at kontoen din er sperra, må du kome innom eit av kontora våre med gyldig pass, eller kontakte oss på telefon 57 82 97 00. eller send epost til Kundesenter.

Kva gjer eg når eg ikkje har gyldig legitimasjon?
Då må du kontakte Kundesenteret vårt.

Kvifor må finansnæringa stille spørsmål?
Sjå informasjon frå Finanstilsynet her.