Fekk 50 000 i Furorestipend – får ta timar med trommeforbilde

12. oktober 2018 – Johanne Sandnes

Jon-Fredrik Hopland (26) er i USA og oppfyller musikardraumen. Denne veka fekk han stipendnytt frå heimfylket. Pengane skal gå til trommetimar med trommeslagaren til Frank Zappa.

I desse dagar deler Sparebanken Sogn og Fjordane ut Furorestipenda til 50 000 kroner, som går til unge talent frå fylket. Onsdag gjekk det ein telefon frå banken sitt kontor i Stryn over Atlanteren til trommeslagar Jon-Fredrik Hopland.

– Det var heilt fantastisk å få Furorestipendet. Eg har søkt i fleire år utan hell, men no fekk eg det faktisk! Det viser kor viktig det er å stå på og ikkje gi opp, og ikkje minst vere tolmodig og konsekvent. Pengane vil eg bruke på trommetimar med Chad Wackerman som var trommeslager for Frank Zappa. Eg vil òg oppgradere litt utstyr, fortel Hopland.

Stipendpengane kjem frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt overskot, som blir forvalta av eigaren til banken, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

– Det var veldig hyggjeleg å få overraske «Joffen» med stipendet. Han har allereie oppnådd mykje, og vi har stor tru på vegen hans vidare. Vi håpar han får mykje godt ut av trommetimane han skal ta no, og ønskjer lukke til vidare som trommeslagar og produsent , seier banksjef for privatmarknad i Stryn, Odd Kjetil Tonning.

Hopland hadde ein stor dag onsdag. Rett etter at han hadde lagt på telefonen frå Tonning fekk han ein ny oppløftande nyheit.

– Mitt neste mål er å bli ein god produsent. Rett etter eg var på telefonen om Furorestipendet fekk eg faktisk ein e-post av Red Bull Records om at eg hadde vunne ein remix-konkurranse for eit ganske kjent band som heiter Awolnation. Det betyr at remixen eg gjorde vil bli gitt ut av dei, pluss at eg vann ein liten pengesum. Det er det første eg har gjort innen produsering som vil bli ein offisiell «release» så det var veldig kult. Du kan seie at dette var ein veldig god dag, smiler han, og utdjuper:

– Det går veldig bra i USA! Eg har hatt ein veldig travel og innhaldsrik sommar og haust. Eg har vore så heldig og fått reist og spelt på plassar rundt om i verda eg aldri før har vore. Nokre høgdepunkt var Vietnam, Sør-Korea, Costa Rica og Kosovo. Eg spelte óg mitt første arenashow for eit par veker sidan. Det var i Toronto i ein fullpakka sal framfor 20,000 mennesker. Men det som toppar alt var jo å komme heim igjen i sommar og spele med Lemaitre på Malakoff. Det var heilt rått!

Dette er juryen si grunngjeving: 

«Jon-Fredrik Hopland har allereie oppnådd meir som trommeslagar enn dei aller fleste norske musikarar kan drøyme om. Han har spelt på eit dusin internasjonale turnéar, for opp mot 200.000 tilskodarar; speler fast med suksess-bandet Lemaitre samt Rafferty (bandet Apple har brukt oftast i reklamar). I tillegg har han vore freelance trommis for ei handfull andre amerikanske artistar. Likevel er musikarlivet krevjande, med ujamne oppturar og inntekter. Og skal ein greie seg på kommersielle vilkår må ein stadig bli betre, og yte solide bidrag også kunstnerisk. Juryen er difor svært imponert over Joffen si dedikerte og målretta satsing. Han har gripe kvar einaste sjanse han har fått til å bli ein enda betre og meir erfaren musikar. Joffen har òg høge ambisjonar som låtskrivar, med mål om å komponere låtar som oppnår topp 10 på verdas mest anerkjente hitliste, «Billboard Hot 100». Juryen håper inderleg han lukkast, og ønskjer all mogleg lukke til vidare!» 

Juryen for furorestipendet har bestått av:

Stig Roger Eide (Firda), Torill Faleide (FørdefestivalenTrude Skarvatun (Førde kulturskule), Terje Lyngstad (tidl. teatersjef, Sogn og Fjordane Teater & Hordaland teater) og Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane)

Furorestipend

Furorestipendet er Sparebankstiftinga sitt personlege stipend til framifrå ungdom (15-30 år) i kategoriane kultur, idrett og «open klasse». Stipendet har variert i storleik frå 10.000 til 100.000 kroner; men dei siste åra har alle stipenda vore på 50.000 kroner.

Søknadsfrist

Furorestipendet har søknadsfrist 15. juni kvart år. Eige søknadsskjema for Furorestipendet vert lagt ut på www.sparebankstiftinga.no ein månad før søknadsfristen.