Sparebanken Sogn og Fjordane inviterer med dette alle damer i Bergensområdet til Jentetreff i Bergen. Denne gongen med fokus på forsikring, kortreist mat og drikke.

Stad: Håkonsgaten 24, 2. etasje
Tid: Tysdag 28. april kl 18:30

Vi startar kvelden med forsikring som tema. Føredragshaldar er vår eigen Cesilie Benevoli. Her vil du få råd om personforsikring, uførforsikring, – med andre ord kva som er viktig å tenke på når du skal forsikre deg sjølv og dei du er glad i. Etter dette vil vi bevege oss inn i ein meir kulinarisk bolk, med lammerullkurs, og eit spennande innlegg om mat og øl og tilhøyande smaking med den kjende kokken Hanne Frosta, kanskje betre kjend som Hanne på Høyden. Vinsmaking for dei som ikkje likar øl.

Vi avsluttar kvelden med kortreist kvalitetsmat frå Hanne. Ho vil lose oss gjennom ei rekkje spennande rettar og kombinere dette med smaking av ulike typar øl frå mikrobryggeri. På menyen står blant anna  brød og ramslauksmør, gammalostchips, sylta grønnsaker og lammerull.

Underhaldning for kvelden blir ved Bård Leite frå Værlandet i Sogn og Fjordane, best kjend frå The Voice.

Arrangementet har avgrensa tal plassar, så her vert det først til mølla. Ta gjerne med ei venninne.
Meld deg på her innan 24. april

Jentetreff i Bergen