Velkommen på foredrag med Gjert Ingebrigtsen i Florø

Det er ei glede å få ønskje deg velkomen til eit engasjerande foredrag med trenarprofilen og «Årets trenar» i 2019, Gjert Ingebrigtsen.

Han er kjent for si heilt spesielle evne til å få folk til å prestere på sitt aller beste, noko tre av sønene hans Jakob, Henrik og Filip har vist gjennom m.a. fleire EM-gull i friidrett.

Kva er treningsfilosofien bak desse resultata? Det skal Ingebrigtsen som trenar og far gje svar på gjennom foredraget.

  • Tysdag 14. januar kl 16.45 – 18.00
  • Kinosalen, Flora Samfunnshus
  • Arrangementet er gratis for alle
  • Påmelding snarleg og seinast innan 10. januar
  • Avgrensa plassar. «Først til mølla»-prinsippet gjeld