Grundertur

Er du under 30 år og driv eiga verksemd?

Som ein del av satsinga vår på ungt entreprenørskap i fylket ønskjer vi å invitere unge gründerar på ein flott båttur til Skjerjehamn under årets Utkantfestival. Her blir vi litt betre kjent med fleire spennande gründerar som vil presentere suksessverksemdene sine og fortelje oss korleis dei har lukkast.

Dei vi får møte er:
• Ola Braanaas (Firda Seafood as),
• Vilde Braanaas (Skjerjehamn AS)
• Linn og Njål Wilberg (Beat.no)
og festivalsjefen sjølv:
• Viggo Randal.

Seinare på kvelden nyt vi konsertane med m.a. Stein Torleif Bjella, Sivert Høyem, og Thulsa Doom. I tillegg vil Skjethuset Disco halde ope heile kvelden. Eit godt måltid og drikke vert også servert.

Tid: Fredag 25. juli
Avreise: Florø kl 14.00.  Buss Førde – Florø tur/retur. Båten vil gå innom Askvoll og Solund (Hardbakke) på tur/retur.
Retur: Florø kl 02.00
Pris per person: 200 kroner

Spørsmål?
Ta kontakt med tom.staveteig@ssf.no, tlf: 932 32 605 eller
alexander.dvergsdal@ssf.no tlf.: 468 64 434

 

På grunn av få påmeldingar, er dessverre arrangementet vårt avlyst.