Furorestipend til komponist-talent

Kristin, Andreas og Helge. Foto: Tormod Flatebø/Fjordabladet

12. oktober 2018 – Johanne Sandnes

Trombonist Andreas Rotevatn (29) frå Eid  vart fredag overraska med eit Furorestipend på 50 000 kroner.  – Gull verdt, seier han om midlane. 

Andreas Rotevatn vart lokka heim til Nordfjordeid av familien i helga for å vere med på operaforestilling på Opera Nordfjord. Fredag vart Andreas invitert ned på kaia framfor kontoret til Sparebanken Sogn og Fjordane, der kunderådgjevarane Kristin Heggen og Helge Høvig overrekte han eit Furorestipend på 50 000 kroner.

– Slike gåver er gull verdt for meg. Det å velje å drive med kultur er ikkje noko ein gjer for pengane sin del, men du kan ikkje leve på luft og kjærlighet. Slike stipend gir frihet til å ta kunsteriske val som ikkje er basert på økonomi. Planen no er å jobbe med eit jazz-orkester i Oslo, der alle skal skrive musikk til det orkesteret. Då må eg sette av tid til å skrive. Då er det stipendet gull verdt slik at eg kan fokusere på min eigen musikk i staden for å ta mange frilansoppdrag i akkurat den perioden, seier Rotevatn.

– Det var veldig kjekt å overraske Andreas med stipendet. Det er vel fortent! Andreas har hatt ein imponerande breidde og vi har stor tru på han. Vi ønskjer han lukke til og gler oss til å følgje reisa hans vidare, seier Heggen.

Furorestipenda vert delt ut av Sparebanken Sogn  og Fjordane sitt overskot, som forvaltast av banken sin eigar Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Juryen si grunngjeving:

«Snart 29 år gamle Andreas Rotevatn frå Eid er ein trombonist, komponist og musikkprodusent med ein musikalsk CV som er imponerande variert og syner ei dristig musikalsk tilnærming. Han har til dømes vore leiande trombonist i European Broadcasting Union sitt internasjonale storband, gitt ut elektronika-soloalbum, spelt med så forskjellige grupperingar som Ytre Suløen, Razika, b0ka, Cezinando og sitt nye prosjekt OJKOS – på så forskjellige arenaer som Øyafestivalen, Roskildefestivalen, Victoria Nasjonal Jazzscene og Moldejazz. Av framtidsplanar slår Andreas kort og greit fast at han ønskjer verte eit respektert og anerkjent namn innan norsk jazz. Dette kan høyrast ut som ei ganske lavmælt målsetting, heilt til vi innser at dette tyder at han må bryne seg mot internasjonale legender som Jan Garbarek, Nils Petter Molvær, Bugge Wesseltoft, Radka Toneff, Bendik Hofset, Jaga Jazzist, The Thing osb. osb. – med andre ord, etablere seg i den internasjonale jazz-eliten. Juryen håpar verkeleg at han fortsett å strekke seg etter dette målet, og ønskjer all mogleg lukke til vidare!» 

Juryen for furorestipendet har bestått av:

Stig Roger Eide (Firda), Torill Faleide (Førdefestivalen, Trude Skarvatun (Førde kulturskule), Terje Lyngstad (tidl. teatersjef, Sogn og Fjordane Teater & Hordaland teater) og Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane).

Furorestipend

Furorestipendet er Sparebankstiftinga sitt personlege stipend til framifrå ungdom (15-30 år) i kategoriane kultur, idrett og «open klasse». Stipendet har variert i storleik frå 10.000 til 100.000 kroner; men dei siste åra har alle stipenda vore på 50.000 kroner.

Søknadsfrist

Furorestipendet har søknadsfrist 15. juni kvart år. Eige søknadsskjema for Furorestipendet vert lagt ut på www.sparebankstiftinga.no ein månad før søknadsfristen.