Karoline blei overraska med 50 000 kroner i pausen

15. oktober 2018 –  Inger Marie Lien

Søndagens volleyballkamp mellom Førde og Koll blei hakket meir innhaldsrik enn Karoline Fauske hadde sett for seg. 

I pausen mellom andre og tredje sett dukka nemleg Geir Vindheim frå Sparebanken Sogn og Fjordane opp for å overraske den unge kantspelaren med eit Furorestipend på 50 000 kroner.

– Eg skjønte ingenting. Eg fekk beskjed om at det var noko med kreftforeninga sidan billettinntektene i dag skulle gå til Rosa Sløyfe aksjonen. Men då eg såg sjekken, forstod eg at det var noko anna, smiler Fauske.

No går turen til USA og volleyball-college, og pengane kjem ifølgje Fauske godt med til vidare satsing.

– Det blir vemodig å reise frå laget, eg har allereie blitt igjen eitt år ekstra for å spele med dei, så no er det på tide å prøve noko nytt. Det blir spennande, og eg gler meg veldig, seier Fauske.

Stipendpengane kjem frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt overskot, som forvaltast av eigaren til banken, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

– Det er gledeleg å vere her på ein heimekamp, som Førde i tillegg vinn 3-0. Fauske har vore med på laget lenge og bemerka seg. Vi er stolte over å kunne løfte fram slike talent, og gi ho ekstra motivasjon, seier Geir Vindheim.

Dette er juryen si grunngjeving

18 år gamle Karoline Fauske har allereie ei imponerande volleyballkarriere bak seg. Ho har m.a. vorte Norgesmeister, Seriemeister og har sølvmedalje frå NEVZA club championship med elitelaget til Førde VBK. I tillegg er ho allereie erfaren i landslagssamanhang, frå både U17- og U19-landslaget.

Juryen synst dessutan det er ekstra kjekt at Karoline har utvikla seg frå starten av heime i Førde, der ho alltid har spelt for Førde volleyballklubb, og gått volleyballinja ved Hafstad VGS. I tillegg har Karoline ein klar plan for å ta nye steg i si sportslege utvikling. Neste år blir det college volleyball, der ho har fått tilbod frå både USA og Canada (kanskje ho har bestemt seg for kor det blir no?), og deretter er målet proff-spel i utlandet – og på seniorlandslaget.

Juryen gler seg til å følgje spent med på Karoline si vidare satsing, og ønskjer all mogleg lukke til vidare!

Furorestipend

Furorestipendet er Sparebankstiftinga sitt personlege stipend til framifrå ungdom (15-30 år) i kategoriane kultur, idrett og «open klasse». Stipendet har variert i storleik frå 10.000 til 100.000 kroner; men dei siste åra har alle stipenda vore på 50.000 kroner.

Søknadsfrist

Furorestipendet har søknadsfrist 15. juni kvart år. Eige søknadsskjema for Furorestipendet vert lagt ut på www.sparebankstiftinga.no ein månad før søknadsfristen.