Denne hausten har seks talentfulle unge menneske fått Furorestipend frå Sparebankstiftinga. Ein handballspelar, ein fotballspelar, ein volleyballspelar, ein dansar, ein kokk og ein skodespelar har fått ein sjekk kvar på 50.000 kroner, som vi håpar skal gje dei rom og moglegheit til å verkeleg nå ambisjonane sine. Hels på dei seks talentfulle her!

Martine Røys FosseMARTINE RØYS FOSSE (20) – KOKK, BREMANGER
Med bakgrunn frå Knutholmen har Martine kokkelert seg vidare til stjernerestauranten Feinschmecker i Oslo. I 2013 vart ho tatt ut til Det Norske Kokkelandslaget for dei neste fire åra, i konkurranse med 165 andre kandidatar. Då Martine fekk Furorestipendet sitt var ho i full gong med oppkøyring til VM saman med resten av kokkelandslaget for juniorar. Fangsten i VM vart to gull, i kald- og varmmat og bronse samanlagt. På menyen til det norske laget stod mellom anna indrefilet av okse frå Sogn og Fjordane! Martine har gitt uttrykk for ei sterk tilknyting til heimplassen og familiebedrifta Knutholmen AS. Det representerer eit flott signal om at unge i fylket vårt har alle føresetnadar for å lykkast internasjonalt.

 

Dag Rune Sjøli

DAG RUNE SJØLI (24) – DANSAR, LUSTER
Dag Rune kom som 20-åring inn på Kunsthøgskolen i Oslo/Statens Balletthøgskole. I svært sterk konkurranse med over 300 søkarar, kom han inn som ein av åtte studentar. Etter avslutta bachelor ved balletthøgskulen, har han fått seg ein svært ettertrakta jobb i Oslo Danse Ensemble. Han har allereie jobba med fleire kjende koreografar og har mange spennande oppdrag føre seg. Dag Rune lever og andar for dansen. Talentet, ferdigheitene og engasjementet til Dag Rune gjer han til eit stort førebilete for andre, særleg for ungdomen i Dans utan grenser i Sogn og Fjordane, som òg er den organisasjonen han sjølv starta dansekarrieren si i.  

 

 

Sigrid Heien HansenSIGRID HEIEN HANSEN (19) – FOTBALLSPELAR, GLOPPEN
19 år gamle Sigrid Heien Hansen frå Sandane har vore ein svært spanande spelar i «årevis» allereie. Ho har m.a. spelt på på aldersbestemte landslag sidan 2011, og har vel så langt vunne samtlege kampar ho har spelt i toppserien! Sigrid har elles tydelege ambisjonar om å etablere seg heilt i toppen av norsk kvinnefotball, og har ein imponerande klar og tydeleg plan for å nå desse måla. Vi gler seg til å følgje karriéra hennar vidare!

 

 

 

Peter FørdePETER FØRDE (26) – SKODESPELAR, FØRDE
Peter reiste til New York for å satse på draumen om å etablere seg som skodespelar i USA i 2010. Han utdanna seg m.a. på anerkjente Lee Strasberg Institute i 2012. Han har allereie hatt eit titals roller i amerikanske film- og TV-produksjonar, og breidda i erfaringane så langt femnar også teater og musikkvideo. Peter har gjennom si harde og målretta satsing synt at skodespelar ikkje berre er noko han VIL vere, men noko han MÅ vere. Slikt engasjement er truleg heilt naudsynt for å lukkast i verdas hardaste marknad. Vi deler så gjerne draumen om at vi snart får ei filmstjerne frå Førde! 

 

 

Martine VikenMARTINE VIKEN (19) – VOLLEYBALLSPELAR, GAULAR
19 år gamle Martine frå Viksdalen har overtydd juryen med sine imponerande sportslege merittar så langt, med bl.a. EM-kvalifisering med seniorlandslaget, sølv i NEVZA (nordisk meisterskap) med U19-landslaget, og bronse i NM U19, kor ho òg vart tatt ut på allstar-laget. Trenar Jan Egil Tvinde slår òg fast at ho har vore ein av dei aller mest sentrale spelarane på Førde sitt elitelag dei siste sesongane, og bidrege sterkt til deira gode resultat. Martine har elles ambisjonar om å etablere seg i volleyball-toppen i så vel norsk som internasjonal samanheng, og har ein imponerande klar og tydeleg plan for å nå desse måla.

 

 

Kjerstin Boge SolåsKJERSTIN BOGE SOLÅS (17) – HANDBALL, FJALER
Kjerstin kan vise til fantastiske resultat på handballbana så langt – både med Dale IL, Førde IL, regionlag og aldersbestemte landslag (J17). Ho har til og med blitt kåra til beste forsvarsspelar i fleire turneringar. Kjerstin har elles tydelege ambisjonar om å etablere seg heilt i toppen av norsk damehandball, jobbar imponerande målretta for å nå desse måla. Med andre ord er allereie Kjerstin blitt ei av fylket sine største idrettstalent, til tross for sin unge alder. Vi gler oss til å følgje med på Kjerstin si idrettskarriere i åra som kjem.

 

 

 

Juryen har i 2014 vore samansett av: Stig Roger Eide (Firda), Terje Lyngstad (Sogn og Fjordane Teater), Torill Faleide (Førdefestivalen), Mette Grytten (Sparebanken Sogn og Fjordane) og Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane)