Anders Fannemel er årets Furorevinnar

Hopptalentet Anders Fannemel (19) frå Hornindal stakk av med det gjevaste stipendet på kr 100 000 under Sparebanken Sogn og Fjordane si årlege stipendutdeling. Til saman kr 300 000 vart utdelt under banketten i Florø laurdag. Skihopparen Anders Fannemel frå Hornindal er årets Furorevinnar. Fannemel er eit idrettstalent utan om det vanlege, og sjølv med sin unge alder har han gode internasjonale resultat, både som junior og senior. Mellom anna blei han nr. 10 i eit verdscuprenn førre sesong. Sparebanken Sogn og Fjordane heidrar Anders for hans prestasjonar så langt, men ikkje minst det som skal komme. Juryen vurderer Fannemel til både å ha både talentet som skal til, men også motivasjonen og ambisjonane for å bli ei stor internasjonal stjerne. Juryen vurderer Anders til å vere ein utøvar som kan skape stor glede og stoltheit i fylket vårt.

Tre sogningar fekk 50.000,-

Ane Fimreite (17), Fred Støyva (22) og Thomas Morell (22) vart alle heidra med kr 50 000 for sine talent og ambisjonar. På tre vidt forskjellige arenaer presterer alle tre på eit svært høgt nivå, og juryen vurderer alle til å ha ei stor internasjonal karriere framfor seg. Ane Fimreite er ein keeper i særklasse frå Kaupanger og er tatt ut på NFF sitt satsingslag fram mot OL 2012. Fred Støyva er musikkdramatikar med eit genuint musikalsk og artistisk talent. Han hadde mellom anna ei oppsetting på Dansens Hus i Oslo i 2009. Thomas Morell er ein talentfull fotograf med særpreg og kommersiell teft. Han har ein unik stil i sitt utrykk, og har allereie opparbeida seg eit internasjonalt renommé.

Fem stipend på kr 10 000

Totalt delte Sparebanken Sogn og Fjordane ut 300.000,- i Furorestipend stipend i år. I tillegg til dei fire største stipenda, fekk volleyballspelaren Lars Fredrik Tvinde, felespelaren Erlend Apneseth, animatøren Anders Furevik, filmskaparen Svein Sund og pianisten Andreas Løken Taklo kvar sitt stipend på 10.000,-. På bilete ser du Andreas Løken Taklo og Elrend Apneseth. Anders Furevik var ikkje tilstede under utdelinga, men vart representert av broren sin. Svein Sund får utdelt sitt stipend når vi opnar nytt avdelingskontor i Bergen (BA-bygget) i slutten av november og Lars Fredrik Tvinde under eit arrangement i Førde før jul.

Erlend Apneseth vann publikumsprisen

Publikum fekk også sjansen til å stemme fram sin kandidat via SMS. Avstemminga starta fredag 22. oktober og vart avslutta under utdelinga. Vinnaren av publikumsprisen fekk eit ekstra stipend på kr 10.000,-. Erlend Apneseth vann publikumsprisen. Han er 20 år og kjem frå Svidalen i Jølster og er blant dei fremste i sin klasse på hardingfele. Erlend har i haust starta på 4-årig studium i utøvande folkemusikk ved Ole Bull Akademiet på Voss. Han har vunne både vestlands-, fylkes og landskappleik på hardingfele i sin klasse. Les blogg om dei 5 kandidatane til årets publikumspris.

I 2010 gjekk Furorestipendutdelinga av stabelen i Trivselshagan på Sandane (sjå foto frå utdelinga på Flickr og i album på Facebook).