Furorestipend

Sparebanken Sogn og Fjordane deler ut gåver og stipend gjennom eigaren vår, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Furorestipendet blir delt ut til talent i eller frå Sogn og Fjordane i alderen 15-30 år innanfor 3 kategoriar: kultur, idrett og open klasse. Storleiken på stipenda vil variere frå 25 000,- til 100 000,-. Fagjuryen er samansatt av personar med brei røynsle innan idrett, kultur og næringsutvikling frå fylket.

Har du spørsmål om Furorestipendet, kan du kontakte kultursjef i Sparebankstifting Sogn og Fjordane, Pål Fidjestøl, på e-post paal.fidjestol@sparebankstiftinga.no, eller på telefon 911 58 009.

Søknadsfristen for å søke stipend er 15. juni.

Følg lenkjene under for å sjå alle talenta som har mottatt stipend dei ni siste åra.

Furorevinnarar 2017

Hilde Marie Holsen frå Jølster – samtidsmusikar
Jostein Avdem Fretland frå Lærdal – musikar, komponist og forfattar
Elise Isolde Stenevik frå Florø – fotball
Maria og Ingrid W. Ose frå Sandane – fløyte
Malene Blikken Haukøy frå Kyrkjebø – randonee og ultraløp

Furorevinnarar 2016

Thomas Mardal frå Gloppen – friidrett, diskos, slegge, kule
Sedrik Engebø Ullebø frå Høyanger – sykkel
Tuva Rivedal Tjugen frå Askovoll – designar, møbel og romdesign
Pernille Rivedal Hellevik frå Askvoll – filmregissør/manusforfattar
Alexander Pavelich frå Nordfjordeid – musikar
Johan Hove frå Sogndal – fotball
Bjarne Nikolai Huus frå Førde – volleyball
Kristian Fardal Opseth frå Sogndal – fotball

Furorevinnarar i 2015

Marius Vedvik  frå Førde –  friidrett.
Nora Oleanna Sårheim frå Florø – operasongar
Eli Anne Dvergsdal frå Jølster – terrengløp/fotball
Åge Solheim frå Stårheim – alpint
Jon Rolf Skamo Hope frå Hyen – langrenn.
Karoline Erdal frå Førde – skiskyting
Arne Henning Arskaug frå Førde – forfattar

Furorevinnarane i 2014

Ein handballspelar, ein fotballspelar, ein volleyballspelar, ein dansar, ein kokk og ein skodespelar har fått ein sjekk kvar på 50.000 kroner, som vi håpar skal gje dei rom og moglegheit til å verkeleg nå ambisjonane sine. Hels på dei seks talentfulle her!

Furorevinnarar i 2013

 Les om dei seks Furorevinnarane

Furorevinnarar i 2012

Fredrik Høstaker (22) frå Førde – artist (dansar, songar og skodespelar)
Cecilie Aalberg (20) frå Eid – trompetist
Line Dybedal (24) frå Selje – pop-artist
Cedrik Fonn Skåre (16) frå Førde – gocart-køyrar
Aud Julie Befring (26) frå Jølster – designar
Kari Bergheim Hole (21) frå Førde – alpinist
Gjøran Tefre (18) frå Førde – langrennsløpar
Øyvind Strømmen Kjerpeset (21) frå Flora – friidrettsutøvar
Jantsen Øverås (17) frå Fjaler – vektløftar

Sjå Thomas Morel sine FANTASTISKE bilder av Furorevinnarane

Furorevinnarane i 2011

Ein filmskapar  fekk hovudstipendet, fulgt av ein biledkunstnar, skiskyttar, vektløftar, fotballspelar og to musikarar. Les om Furorevinnarane i 2011 her.

Furorevinnarane i 2010

Vinnarane i 2010 var mellom anna skihoppar, fotograf, musikkdramatikar, fotballkeeper og felespelar. Her kan du lese meir om 2010-vinnarane.

Furorevinnarane i 2009

I 2009 gjekk den første Furorestipendutdelinga av stabelen (sjå foto frå utdelinga). Då vann ein møbelsnikkar, ein vektløftar, ein designar, ein forfattar, ein felespelar, ein kastar, ein skiskyttar, ein klesdesignar og ein dansar.  Sjå også bloggane til designaren, vektløftaren og møbelsnikkaren.