I år mottok vi færre søknadar enn før, men vi har likevel ei kjensle av at kvaliteten var vel så høg som dei føregåande åra. Variasjonen og mangfaldet er stort også i år, og det er som vanleg ein fryd å sjå kor det syder av kreativitet, engasjement og kvalitet i det mange driv med.

Årets vinnarar peikte seg ut tidleg, og nokre av dei har vore med heilt inn til siste slutt dei føregåande åra også. Felles for alle er at dei held internasjonalt nivå på det dei driver med, har klare mål og planar for framtida og skussmål som tilseier at dei kan greie å nå desse måla. Her er årets 7 Furorevinnarar:

Årets største stipend går til Stian Hafstad (26) frå Førde. Han tek for tida ein mastergrad i film ved Columbia University i USA og skal bli filmskapar. Stian får gode skussmål frå mange hald, har vist fleire av kortfilmane sine på internasjonale festivalar og fått fleire prisar. Han har mange millionar vinsingar på ulike filmar på YouTube:

 

Stian viser eit breitt spekter i sjanger og begynner etter kvart å utmerke seg gjennom eit eige, særeigent utrykk i filmane sine. Målet til Stian er å kome tilbake til Norge og gje sitt bidrag til filmmiljøet i Norge, på vestlandet og i Sogn og Fjordane. Vi gler oss og håper at stipendet på 100.000 kroner bidreg til at Stian Hafstad kan vere eit namn i den norske filmbransjen i framtida.

Stian har sendt oss ein film (sjølvsagt) som takk for stipendet.

 


Olve Sande

Olve Sande (27) er også frå Førde, er bildekunstnar og held for tida til i Berlin. Han er utdanna i Norge, mellom anna på Statens Kunstakademi og har stilt ut verka sine på Høstustillinga her i Norge, men og i private galleri i Brussel og Paris. Han har vore med å etablere eit utstillingsprogram i Brussel, Waxy Pith, som har som føremål å opprette eit tettare nettverk mellom norske og internasjonale kunstnarar. Olve får Furorestipend som hjelp til å etablere seg som sjølvstendig kunstnar, og hans første store mål er ei separatutstilling på Akershus Kunstnarsenter hausten 2012. Vi gratulerer Olve med furorestipendet på 50.000,- og gler oss til å sjå kva Olve kan skape i framtida.

Johannes Bøe

Johannes Thingnes Bøe (18) blir omtala som det største skiskyttartalentet i Norge nokon sinne, og held til i heimkommunen Stryn. Førre sesong presterte han heilt i toppen nasjonalt og internasjonalt som både junior og senior, i både skiskyting og langrenn, og forventningane til Johannes framover er skyhøge. Målet hans er å vere med heilt i verdstoppen, men kanskje aller mest å slå bror sin Tarjei (som vann det gjevaste Furorestipendet i 2009 og hadde mål om å slå Bjørndalen)?. Vi håper at eit Furorestipend på 50.000 kroner kan vere eit lite steg på vegen mot toppen av pallen i verdscupen, og vi gler oss til å sjå dei to brørne knive seg i mellom og ikkje minst med resten av verda i åra som kjem.

 

Ragnhild Sannes

Ragnhild Sannes (23) er også frå Naustdal. Ho er teken opp, som ein av kun fire, til Master i solo hovudinstrument cello ved Norges Musikkhøgskule. Ragnhild har lenge vore ein aktiv orkestermusikar både i Sogn og Fjordane og elles i landet, og har mellom anna spelt konsert saman med Oslo Filharmoniske Orkester i Den Norske Opera. Ragnhild har fått undervisning av mange store, norske og utanlandske musikarar, og søker no å utvide horisonten med å ta kurs i Europa. Vi bidreg gjerne på vegen ut i Europa med eit Furorestipend på 25.000 kroner, og gler oss til å høyre Ragnhild ved neste høve.

Sindre Rørstadbotn

Sindre Rørstadbotn (19) er vektløftar og nok ein naustedøling som markerer seg nasjonalt og internasjonalt i denne greina. Han har gode resultat både for ungdom og senior, både i Norge, i Norden og i Europa. Det blir hevda at om forholda blir lagt til rette, så vil han vere ein av Norges fremste vektløftar allereie før han når senior alder. Sindre har klare og høge mål, er ein del av eit miljø som kan det å få fram vektløftarar i verdstoppen, og vi er overtydde om at han vil kunne nå måla sine. Vi gler oss over å kunne gje eit bidrag på vegen med eit Furorestipend på 25.000 kroner.

Elise Thorsnes

Elise Thorsnes (23) frå Leikanger har etablert seg som ein av dei mest framadstormande fotballspelarane i landet og er fast innslag på Røa og landslaget. Ho har delteke i EM, VM og OL, og blitt seriemeister med Røa. I desse dagar er ho også kobla til fleire utanlandske klubbar, og draumen om å bli utanlandsproff vil kanskje gå i oppfylling. Ambisjonsnivået er skyhøgt, men kvaliteten er også på plass. Mange meiner Elise har alle forutsetningar for å bli blant verdas beste fotballspelarar. Vi håper Elise når måla sine og gler oss over å kunne bidra med eit Furorestipend på 25.000 kroner.

Thea Hjelmeland

Thea Hjelmeland (24) er songar, artist og musikar frå Førde. Ho bur for tida i Paris, men arbeider både heime i Norge og i Frankrike. Thea skriv all musikken sin sjølv, har eit særeigent utrykk og står på kanten av å slå gjennom nasjonalt og internasjonalt. Thea har turnert med eigen musikk både i Norge, Frankrike og Italia, og har greidd dette gjennom å ha klare mål og evna til å gå sine eigne vegar i ein elles tøff musikkbransje. Det store målet no er debutplata som kjem i 2012, der Thea speler stort sett alle instrumenta sjølv. Vi gler oss over å kunne bidra til denne plata med eit Furorestipend på 25.000, og ser fram til den er å finne i hyllene på vårparten.

For meir informasjon om Furorestipendet vårt, klikk her.