«Sterk utenpå, sterk inni» med Funkygine

Førde IL fyller 100 år i år!  

I samband med dette har Sparebanken Sogn og Fjordane og Førde IL gått saman og invitert Jørgine Massa Vasstrand, også kjent som Funkygine, til Førdehuset onsdag 11. mars. Ho snakkar ope og ærleg om trening, kropp og livsstil, og avsluttar det heile i ekte funky-stil med ei aldri så lita treningsøkt. Meld deg på og bli med på moroa!  Arrangementet er gratis!

Program:  

17:00 Moglegheit for å møte og ta bilde med Funkygine i allèen 

17:30 «Sterk utenpå, sterk inni» i Storsalen 

18:15 Treningsøkt i idrettshallen 

19:15 Avslutning 

Nedre aldersgrense 14 år.  

Informasjon om foredraget «Sterk utenpå, sterk inni»: 

Jørgine Massa Vasstrand er ei av Noregs mest profilerte bloggarar, og kjent for si forfriskande og ærlege tilnærming til trening, kropp og livsstil. Hennar nye bok er ei personlig beretning og ein treningsguide i eitt. Med humor, ettertanke og slvinnsikt, deler «Funkygine» raust av eigne erfaringar både om trening og livet. Når verda smiler er det ikkje så vanskeleg å trene. I denne boka har Jørgine derimot skreddarsydd treningsprogramma til dei grå og tunge dagane. Ho inspirerer og motiverer med tips, triks, trening og tankar som fungerer når vi treng det som mest. Som dottera hennar, Filippa (8), så godt forklarar det:

Vi må trene fordi trening gjer at vi klarer livet betre.