Førde Volleyballklubb

Vi er stolt sponsor av Førde Volleyballklubb

-Vi er som United i England

Det vekte låtten hos mange, når Førde Volleyballklubb kring 2005 satte seg høge mål: vinne ein norsk tittel, og ein teljande internasjonal kamp i Førdehuset innan fem år.

– Vi visste vi kunne greie det, seier dagleg leiar Tor Kristian Kvammen. Laget har spelt fem cupfinalar og vart norgesmeis-
ter i 2007. I 2011 vann laget frå Førde Nordic League. Hånlåtten stilna, og Førde har ein nærast sjølvsagt status som norsk hovudstad for volleyball i ein av verdas største idrettar.

Lars Fredrik Tvinde er ein av spissane på laget og fekk talentstipendet Furore frå Sparebanken Sogn og Fjordane i 2010. Tvinde seier rett ut at du kan samanlikne Førde med Manchester United i England.

-Vi har same presset som United om at vi skal vinne mot alle, utanom Nyborg. Ein jamn kamp mot Nyborg er greitt, men taper vi mot Tromsø blir det som om United taper mot Wigan. Uhøyrt.

Kvammen og Tvinde meiner klare mål og vilje til hard, systematisk jobbing er det som har gjort Førde Volleyballklubb til eit av dei beste laga i Norden. Ikkje minst treningskulturen for å sikre både kvalitet og mengde i treninga har vore avgjerande. Det nære samarbeidet mellom volleyballmiljøet og Hafstad vidaregåande skule har sikra god rekrutte-
ring heilt sidan tidleg på 90-talet. I tillegg har klubben klart å sikre seg langsiktige og lojale sponsorar som Sparebanken Sogn og Fjordane. Banken har som generalsponsor for Førde Volleyballklubb stilt opp med store midlar til drift og utvikling dei siste åra.

-Klubben er eit stort spleiselag og drifta på dugnad. Eld-sjelene gjer alt arbeidet rundt kampane for at vi spelarane skal kunne konsentrere oss om å spele volleyball. Eg trur vi har Norges beste publikum innan volleyball, takka vere eldsjelene og profesjonelle arrangement, seier Tvinde.
Og når vi spør om framtida, ser vi at lysta på høge mål tydelegvis har smitta over på den nye generasjonen:

-Eg vil spele OL i sandvolleyball, slår Lars Fredrik Tvinde fast utan å blunke