Lettare og tryggare maritim innreiing

10. oktober 2018 –  Inger Marie Lien

At branntryggleik og vekt er viktig om bord i skip og båtar, veit Rune Hjelmeland og Jonny Bjørnset alt om. Derfor har dei utvikla plater som veg lite, samstundes som dei toler stor belasting og ikkje kan ta fyr.


Avstemminga er avslutta. Følg med neste veke når vi offentlggjer vinnaren! 

Saman med Helge Dyrrdal utgjer dei trekløveret som har starta Fjordpanel i Lavik. No står bedrifta som ein av tre finalistar i Årets Gründer 2018. Gi di stemme heilt nedst i saka!

Selskapet produserer plater av ikkje brennbart materiale til bruk i innreiing av båtar og skip. Platene er av silikat, eit materiale som har lågare vekt og høgare brannsikkerheit enn det som har eksistert på marknaden til no.

Kjøler seg ned sjølv

– Fordelen med silikat er at dei kjøler seg ned sjølv. Når du kjem over ein viss temperatur skil dei ut krystallinsk vatn som kjøler dei ned, så dette er eit produkt som det er veldig spennande å jobbe med, forklarer Rune Hjelmeland.

Han er dagleg leiar i Fjordpanel og har ifølgje han sjølv drive ei eller annan form for bedrift heilt sida han var ung gut.
–  Eg har det berre i meg, ler han. Eg har alltid jobba innan det maritime, mykje med skipsinnreiing og spesielt innan hurtigbåtar og lettvektsinnreiing. Det blir ein søken etter å finne dei rette produkta til ulike formål, seier han.

Etterspurt produkt

Fjordpanel rettar seg mot maritim industri, marinefartøy, cruisebåtar, hurtigbåtar, oljeplattformer og tekniske rom (landbasert) der dei stiller høge krav til branntryggleik. Det finst liknande plater på marknaden, men dei er ifølgje Hjelmeland tyngre og meir porøse, og har ikkje same kvalitet når det gjeld branntryggleik.

– Gjennom prøving og feiling har vi lært og forbetra oss. No har vi eit produkt som tidsfredstiller alle krav frå myndigheiter og frå bransjen. Dette er ikkje noko billig produkt, men vi har veldig fornøgde kundar, som har etterspurt og venta på dette. Dei har vore tru mot oss i utviklingsfasen, og er veldig greie å samarbeide med. Blant anna har vi diskutert med Brødrene Aa om å finne eit betre material i fleire år, så det var gledeleg når vi endeleg lukkast og kunne tilby dette til dei, fortel Jonny Bjørnset, styreleiar i Fjordpanel.

Hjelmeland og Bjørnset ser ingen ulemper med å ha kontor i Sogn og Fjordane.
– Her er vi tett på bransjen og det maritime miljøet. Det er ein tøff bransje, sjølv om den er liten. Du må ha gode referansar, og kunden må stole på at du er ein god leverandør. Den lange erfaringa mi, har hjelpt oss veldig, seier Hjelmeland.

Selt ut alt dei har produsert

Fjordpanel er eit samarbeid mellom tre selskap med lang fartstid innan skipsindustrien: Fjordesign og Ortnevik Tre, og Vestnes Norway i Florø.

– Det siste året har det løsna veldig for oss. No har vi selt alt vi har produsert, og har ikkje kapasitet til meir endå. Fjordpanel blei etablert i fjor haust, og sidan då har det gått i eitt. Vi jobbar døgnet rundt, men det er sjølvsagt grådig moro at det går så bra, seier Bjørnset.

I dag er det Norge som er deira største marknad, men neste år vil dei levere meir til utlandet.
–  Europa blir veldig stort for oss. Allereie har vi sendt 25 prosent av det vi produserer til Kina. I frå Sogn! Det er stort for oss, avsluttar Hjelmeland.