Ein eldsjel er ein person fylt av iver og begeistring. Og ei drivkraft. Dette stemmer godt overens med vår visjon om å vere “ei drivkraft for fylket”. Vi ønskjer å gje noko tilbake til alle dei som gjer ein innsats i Sogn og Fjordane. Difor samla vi 200 eldsjeler frå heile fylket til Eldsjelsamling på Skei 30. august 2011. Som konferansier Arvid Andenæs sa: “Vi har kanskje den viktigaste forsamlinga i Sogn og Fjordane i salen”.

Det er andre året vi arrangerer Eldsjelsamling. Med denne samlinga ønskjer vi å skape ein arena der eldsjelene kjem i fokus. Ein arena for nettverksbygging, inspirasjon og fagleg påfyll.

På samlinga fekk vi høyre om både framsida og baksida av medaljen frå Kjetil André Aamodt og vår eigen Stian Grimseth. Som sistnemnte so treffande sa då han vart Europameister for første gong “Sånn kan det gå”. Steinar Sørli frå Åmot Operagard inspirerte oss og gav oss eit innblikk i korleis ein kan vere eldsjel innan kultur. Vi fekk også sjå ein snikpremiere på tidlegare Furorestipendvinnar Anders Furevik sin animasjonsfilm “Klovesteinen”, og gler oss til å dele ut nye Furorestipend i haust. Jorunn Torsheim og pianist Ivar Anton Waagard krydra kvelden med smakebitar frå “Susanna frå Sunnfjord”. Eldsjelsamlinga vart avslutta med det 17-årige songtalentet Einar Bolstad. Han hausta mange lovord frå folk i salen – det blir nok ikkje siste gong vi høyrer den unge karen synge, for å seie det sånn:-)

 

Link til fleire bilete frå Eldsjelsamlinga 2011

Link til bilete frå Eldsjelsamlinga 2010