Eldsjelsamling 2010

Sparebanken Sogn og Fjordane arrangerte Eldsjelsamling på Skei 24. august 2010. Vi fekk eit spennande innblikk i Kari Standal Pavelich sitt liv med Opera Nordfjord og Dag Erik Pedersen heldt eit svært underhaldande foredrag med tittelen ”Aldri god aleine”. Vår eigen Arvid Andenæs var konferansier, og dei musikalske innslaga var det sunnfjordingane Thea Hjelmeland og Lars Listau/Maria Skarvatun som sto for. Ein flott kveld med fullsett sal og blide eldsjeler. Vi takkar alle for ein kjempekjekk kveld! Her er nokre bilete – og eit lite videoklipp med nokon smakebitar og intervju med eldsjelane Dagfinn, Gro, Magnus og Marianne.

Eldsjelsamlinga vart omtalt i artiklar i Firda og Sogn Avis. Les også Håkon Bergum sitt innlegg på Origo.