Ei eldsjel er ein person fylt av iver og begeistring. Og er ei drivkraft. Dette stemmer godt overens med vår visjon om å vere “ei drivkraft for fylket”. Vi ønskjer å gje noko tilbake til dei som gjer ein innsats. Difor inviterer banken og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane eldsjeler frå heile fylket til Eldsjelsamling på Skei tysdag 28. august 2012.

Det er tredje året vi arrangerer Eldsjelsamlinga. Som konferansier Arvid Andenæs sa i fjor: “Vi har kanskje den viktigaste forsamlinga i Sogn og Fjordane i salen”. Vi ønskjer å skape ein arena der eldsjelene kjem i fokus. Ein arena for nettverksbygging, inspirasjon og fagleg påfyll.

Til årets Eldsjelsamling er vi stolte over å ha fått med oss Karina Hollekim – basehopparen og grensesprengaren som ville vere fri som fuglen. Du kjem også til å få møte eldsjela som veit å gjere det umoglege mogleg, Rolf Navarsete, og sponsor-guru Hans Mathias Thjømøe. Vi gler oss til spennande og ikkje minst kortreiste musikalske innslag av gitaristane Dag Håheim og Thomas Melheim, og felespelar Erlend Apneseth med Mathias Monsen på cello.

Praktisk info

Eldsjelsamlinga finn sted i «Jølstersalen» på Skei Hotel i Jølster. Samlinga startar 18:00 og held på til ca 21:30. Det blir servert rundstykke, frukt, te/kaffi i Skredehagen frå 17:15, og midtvegs i samlinga vil det vere ei god matpause. Treng du overnatting, kontakt Skei Hotel på kurs@skeihotel.no eller 57 87 72 00. Har du spørsmål om Eldsjelsamlinga, kontakt oss gjerne på e-post eldsjel@ssf.no eller 57 82 97 00.

Påmelding

Det kostar ingenting å vere med – vi håper du har lyst til å kome! Veit du om andre eldsjeler som burde fått invitasjon, er det berre å tipse dei. Skjemaet ligg ute så lenge det er ledige plassar. Meld deg på Eldsjelsamlinga her. Vi tek imot påmeldingar heilt fram til tysdag ettermiddag.

Vil du melde på fleire? Klikk her for å laste opp påmeldingskjemaet på nytt.

Sjå fleire bilete frå Eldsjelsamlinga 2011

Sjå fleire bilete frå Eldsjelsamlinga 2010

Følg Eldsjelsamlinga på Pinterest