DETTE ER DRIV-PRISEN

Ein heilt ny pris ser dagens lys i Hordaland og Sogn og Fjordane i 2019. DRIV-prisen er ein heilt ny innovasjonspris som Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Innovasjon Norge og  Sogn og Fjordane fylkeskommune står saman om. Prisen vert utdelt for første gong under Kraft i Vest-konferansen på Sandane i september. 

Dette er DRIV
Med DRIV-prisen vert målet å løfte fram innovative idear med eit ekstra stort potensial til å setje fart på det «grøne skiftet». Bidraget kan både vere eit gründerprosjekt eller ein ny patent, eller ein forretningsidé frå etablerte verksemder eller organisasjonar. Bidraget må ha forretningsadresse i nye Vestland fylke, og vinnarbidraget må også ha eit stort potensial for verdiskaping og arbeidsplassar her.

– Å skape grøn omstilling er mellom dei viktigaste oppgåvene vi har i vår tid. I det arbeidet kan vi alle bidra, både som enkeltmenneske og saman med andre. Denne prisen er eit bidrag frå oss til å løfte fram idear frå vår region som bringer oss nærare det grøne skiftet, seier Johannes Rauboti, konsernsjef i SFE.

Rauboti er sjølv éin av fem i ein sterk fagjury som skal kåre tidenes første DRIV-prisvinnar. Dei fire andre er Trond Teigene (administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane), Berit Rokne (rektor på Høgskulen på Vestlandet), Bård Sandal (fylkesdirektør innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylke) og Nina Broch Mathisen (direktør for Innovasjon Norge avd. Vestlandet).

– Vi håpar prisen kan bidra til å omskape idear til lønsam forretning og verdiskaping. For klimautfordringa er ikkje berre trussel, den skapar også nye moglegheiter, seier Rauboti.

Moglegheitene med samanslåing
Nettopp det med nye moglegheiter er noko av det Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane også trekk fram.

– Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane har ei lang historie der vi har delt ut Tempoprisen, som i 2012 vart Gründerprisen. Det er ein pris som har treft heile Sogn og Fjordane. No vert Vestlandet ein realitet, og då må vi løfte blikket og tenke nytt, seier Teigene.

Han held fram:

– Derfor er timinga for denne prisen god, både med tanke på geografien og at vi får det grøne stempelet på prisen. Både vi i Sparebanken Sogn og Fjordane og næringslivet elles ser moglegheitene samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland gir.

DRIV vert delt ut for første gong på SFE sin næringskonferanse Kraft i Vest på Sandane helga 27.-28. september.

Vinnaren vert tildelt 200 000 kroner, medan andreplassen får 50 000 kroner. Tredjeplassen får 30 000 kroner.

– Det som er med denne prisen er at vi må sjå på entreprenørar og gründerar med gode idear, som har evne og vilje til å prøve noko nytt. Å skape engasjement for nyetablering, det er noko vi treng. Dei heiar vi på! seier Teigene.

Kriterium for DRIV-prisen:

  • Prisen skal bidra til å løfte fram nye konsept, produkt eller tenester frå heile det nye Vestland fylke. Det betyr også at finalistane må ha tilhald i, eventuelt forretningsadresse i, dette området.
  • Vinnaren har eit konsept, produkt eller teneste med spesielt stort potensial til å setje fart i det grøne skiftet. Det representerer innovasjon og nytenking i stor grad – og der potensialet i større grad ligg i framtida enn i fortida.
  • Bidraget som vinn må ha eit stort potensial for verdiskaping og arbeidsplassar i nye Vestland fylke.
  • Det kan vere både eit gründerprosjekt eller ein ny patent eller forretningsidé frå etablerte verksemder eller organisasjonar.

Slik nominerer du ditt bidrag

  • Send ditt bidrag til post@drivprisen.no med emnefeltet «Nominasjon – Drivprisen 2019«
  • Frist for innsending av bidrag er 1.juni 2019.
  • Kåringa finn stad under Kraft i Vest på Sandane 26.-27.september 2019