VELKOMMEN TIL OFFISIELL OPNING AV SJU DAGSTURHYTTER

Det er dagsturhyttefeber i Sogn og Fjordane! Søndag 2. juni kl. 13.00 er det klart for den store dagsturhyttedagen med offisiell opning av heile sju hytter: Flora,  Gaular, Naustdal, Jølster, Høyanger, Askvoll og Selje (NB: Arrangementet i Selje startar kl. 15.00). 
 
I tillegg er det også lagt opp til turdag ved Dagsturhytta i Gloppen og Eid (i samarbeid med Barnas Turlag). Desse to kommunane har allereie hatt sine offisielle opningar, og det vil difor bli eit litt anna program her.

Kl. 13.00 startar folkefesten ved hyttene (Selje kl. 15.00), med snorklipping ved dei sju som skal opnast.

Ta med deg vener, familie, mat og drikke. God stemning fiksar vi!

Til stades vil det vere representantar frå Sparebanken Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og dei ulike kommunane.

Elin Ekorn og Kåre Bjørn frå Kongleriket kjem også på besøk, og dei har med seg både sjokolade og medalje til ungane.

Vel møtt til folkefest, alle saman!

Praktisk informasjon

  • Jølster: 
    Kulturinnslag ved Erlend Apneseth
    Turdeltakarane tek med eigen mat og drikke. Vi fyrer opp i bålpanna slik at dei som evt ynskjer å grille pølser eller liknande kan gjere det.
    Parkering skjer på ledige plassar i sentrum, som ved kommunehuset, hotellet osv. Ein kan gå opp frå rundkøyringa på Skei (gjennom tunet til Birger Fugle) eller frå Jølster Panorama. Følg merka stiar til Dagsturhytta. Turen opp til hytta frå sentrum tek ca éin time med små barn.
  • Selje:
    Korsong ved Friskbris
    Høgtlesing ved biblioteksjef Eli Eide Årevik
    Rebusløp og aktivitetar ved Barnas turlag og Speidaren
  • Gaular:
    Minikonsert ved Bygstad Brass
    Konsert ved Good Time Charlie
    Biblioteksjef Martha Bjørkås les høgt for barna i bøker frå hyttebiblioteket
    Parkering ved Stølshaugane i Bygstad. NB: Bomveg 50 kroner (Vipps eller kontant)
  • Høyanger:
    Rebusløp for barna, med medaljeutdeling
    Musikalsk innslag ved Annika Beinnes
    Lesestund i nynorsk fjellbibliotek ved biblioteksjef Hege Ølmheim
    Transport: Vi oppmodar til gåtur og sykling til hytta. Det er sett opp transport frå parkeringa på Siplo med minibuss i skytteltrafikk. Første tur kl. 11.00. Det er begrensa parkering ved hytta.
  • Naustdal:
    Odd Gunnar Røyseth ønskjer alle velkomne og ordførar Håkon Myrvang klipper snor
    Musikkinnslag ved Agathe Slettehaug
    NB: Det er stengt for parkering på Kringla denne dagen, så all parkering vert på Sanden. Det er er sett opp to skyttelbussar frå Sanden til Kringla mellom kl. 10.00 og 11.45. Retur frå Kringla etter opninga.
  • Askvoll:
    Ordførar Ole Klausen klipper snora
    Egil Furenes spelar fele
    Rebusløp for ungane
    Parkering og buss: Grunna skogsdrift ved Holmedal vassverk er det avgrensa med parkeringsplassar der. Difor oppmodar vi alle som skal vere med på opninga om å parkere i Holmedal sentrum. Det skal gå skyttelbuss mellom sentrum og turstart ved vassverket i tidsrommet mellom kl. 11.00 og 17.00. Avtal gjerne samkøyring til Holmedal sentrum.
  • Flora:
    Ordførar Ola Teigen klipper snora
    Ingvar Hopland sørgar for musikk og god stemning

DAGSTURHYTTA

Dagsturhytta er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Sparebanken Sogn og Fjordane. Dagsturhyttene er gitt som gåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som forvaltar overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane. Av overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, er 150 millionar delt ut til allmennnyttige formål i fylket dei siste fem åra.