ARKIV

Gode for 100 000 kroner

Kva har Gjøran Tefre, Jantsen Øverås, Øyvind Strømmen Kjerpeset og Kari Bergheim Hole til felles? Jau dei er alle unge lovande idrettsutøvarar og har fått 25 000 kroner kvar i Furorestipend frå banken. Sjå kva juryen skriv i si tilråding:

Bank in the USA

28.september sat 3 spente tilsette og ein småfeit sparegris (Rolf) frå Sparebanken Sogn og Fjordane på flyet til USA. Kva ville dei neste 8 dagane i byen La Crosse i Wisconsin lære dei om dagleglivet i Midtvesten i sørstatane og amerikansk bankvesen?

Vakkert framtidsbilete

Fredag 1. november sat eg i samfunnshuset i Florø og såg på eit vakkert bilete. Eg snakkar ikkje om kunst, ikkje om foto, ikkje om noko spektakulært, men om ein flokk unge menneske som Sogn og Fjordane har vanvittig bruk for.

Ein kjempedugnad – mot urett

I helga talde eg og Kjell (Baadstø) pengar. Masse pengar. No var det slett ikkje våre eigne pengar, det ville vere ein nokså kjapp jobb. Nei, vi talde pengar som skulle tilfalle Amnesty International, og det var dei innsamla Gloppen-bøssene i den nasjonale dugnaden på søndag vi tømde.

#Tempo12 og stolt sponsor

Seminaret handlar om suksessfaktorar i livet og er det største inspirasjonsseminaret for næringslivet i Sogn og Fjordane. For meg har Temposeminaret dei siste åra først og fremst handla om jobb – førebuing, tvittring og engasjement. Eg er stolt av at Sparebanken Sogn og Fjordane held fram som generalsponsor.

Furore på Chat Noir

I helga var det femte Furorestipendet delt ut på Chat Noir i Oslo. Førde-artisten trudde sjølv han skulle vere den store overraskinga på eit jubileumsarrangement på søndag, vart både overraska og glad.

Subsea-utdanning i Florø!

Dei siste 10 åra har det vore ei imponerande utvikling på oljebasen i Florø. Samanlikna med kva som har skjedd i Rogaland, Hordaland, på Nordmøre, Helgelandskysten og Hammerfest er det likevel småtteri. Men for all del. Vi skal vere stolte og glade for den utviklinga vi har sett. Ny teknologi og nye funn gir også næring til tanken om at dette kan utvikle seg til noko langt meir i åra framover.

Uventa Furore på Eid

I helga delte Sparebankstiftinga ut enda eit Furorestipend til ein uvitande, men lukkeleg mottakar. Kanskje dukkar vi opp på din «heimebane» i løpet av hausten…?
Vi delte ut det fjerde av i alt ni Furorestipend no søndag, og som vi òg gjorde ved utdelinga av dei tre andre stipenda i haust, hadde vi alliert oss med vener og familie og overrumpla ein fullstendig uførebudd stipendmottakar.