ARKIV

80.000 kroner fordelt på 12 prosjekt over heile fylket

Visste du at din organisasjon kan sende inn forenkla søknader heile året for gåvemidlar opp til 10 000 kroner? Sjå kven som fekk sist her!  I denne runda har heile 12 lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane motteke til saman 80 000 kroner gjennom  «Forenkla søknad». Gjennom «forenkla søknad» er det mogleg å søke om […]

2 millionar til Vitensenteret i Kaupanger

– Senteret vil  kome barn og unge frå heile fylket til gode, seier banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Jan-Petter Vadheim. Tysdag var det avsparksmøte for planlegginga av Vitensenteret Sogn og Fjordane AS i Kaupanger. Rundt 50 personar frå næringslivet, skuleverket og andre interessentar var samla i Sogndal for å få vite meir om planane. […]

Kaupanger-keeper fekk Furorestipend på heimebane

Kaupanger-keeper Linn-Mari Nilsen (19) frå Sande vart overraska med eit Furorestipend på 50.000 kroner under Gaularmarknaden. Årets tredje Furorestipend vart delt ut på Gaularmarknaden søndag. Linn-Mari Nilsen trudde ho skulle heim til Sande for ein «surprisebursdag» for faren sin, men det var ho som endte med å bli overraska. Ho vart nemleg ropt opp frå […]