Innlegg

Samarbeid er svaret

Det er ikkje akkurat autostrada på sørsida av Sognefjorden. Svingar du til høgre på Søreide mot Østerbø, blir det nærast utforståeleg korleis store trailerar krokar seg inn til den vesle grenda. Men det gjer dei, både titt og ofte. På Østerbø ligg nemleg ei moderne og offensiv industribedrift som har lukkast med leveransar til petroleumsnæringa fordi dei har forstått kva utviklingskraft som ligg i samarbeid med andre.

Nye Norge

Dette er det nye Norgeskartet, presentert på årskonferansen til NHO denne månaden. Dei raude områda er dei sterke og mest vekstkraftige delane av landet. Eg bur i Sogn og Fjordane. Fylket har ikkje fått ein einaste liten raud flekk sjølv om bustadkommunen min Førde har hatt ei veksttakt på nivå med Oslo dei siste ti åra. Det er vel berre å innsjå realitetane og dra dyna over hovudet. Med mykje grått rundt tinningane og adresse i heilgrå bygdesone, er framtida dyster.

Bærekraftige kommunar

Denne veka har det vore ein interessant debatt i Dagens Næringsliv basert på ei undersøking frå NHO som rangerer kommunane i Norge ut frå kor bærekraftige dei er. La meg seie med ein gong at statistikk av dette slaget må ikkje takast som heile sanninga. Til det er det for unyansert og basert på nokon variablar som på langt nær dekker alt. Men likevel. Dette er interessant og det forundrar meg at det ikkje får meir merksemd i lokale og regionale media. Her er eit godt grunnlag for reflekterte og dagsaktuelle kommentarar og diskusjonar.