Innlegg

På den grøne greina i Europa

Datoen var 29. mai. Ein heilt vanleg onsdag i Sogn og Fjordane. På scena i Florø gjekk sjefen for den største banken i fylket med ferske tal om den økonomiske stoda. Han hadde køyrt frå Førde til kystbyen i morgonsol gjennom irrgrøne landskap, langs ein blå fjord og kvite fjelltoppar. På radioen hadde han høyrt sist nytt om økonomiproblema i Spania der kvar fjerde er utan arbeid og annankvar ungdom under 30 år ikkje veit om dei har håp om arbeid.