Innlegg

Russemamma i mai

Brått er mai her, like overveldande kvar vår, med intens fuglesong, naturen som bråvaknar og lufta så skarp og klår. Like sikkert vårteikn er dei unge, lovande i raudt, blått og svart som feirer avslutninga av 12-13 års skulegong. Eg er russemamma for tredje gong i år, men blir aldri heilt fortruleg med rolla, og kjenner meg lett uroleg desse maidagane. Måtte det gå bra denne gongen og!