Innlegg

Sparebankstiftinga opnar seg

Det er gjerne slik at merksemda mot Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane følgjer gåvetildelingane våre, slik at det fort vert litt stilt rundt oss i dei lange periodane mellom søknadsfristane. Men det tyder slett ikkje at det ikkje skjer noko! Sidan førre søknadsrunde har stiftinga mellom anna fått ny administrasjon og har evaluert sitt første driftsår, og nokre endringar i stiftinga byrjar å gjere seg synlege i tida som ligg foran oss. Så her er nokre oppdateringar frå stiftinga:

Gleda ved å gje

Kva vil det i grunnen seie å vere gåvmild? Definisjonen er ”ein som gjer gåver”, eller det å vere ”sjenerøs”. Men legg vi eigentleg ikkje litt meir i det ordet enn kva sjølve definisjonen er? Kanskje… kanskje ikkje. Det gir i alle fall berre gode assosiasjonar hos meg.