Innlegg

Gode for 100 000 kroner

Kva har Gjøran Tefre, Jantsen Øverås, Øyvind Strømmen Kjerpeset og Kari Bergheim Hole til felles? Jau dei er alle unge lovande idrettsutøvarar og har fått 25 000 kroner kvar i Furorestipend frå banken. Sjå kva juryen skriv i si tilråding:

Du og eg på prøve

17. mai-tog den 25. juli 2011. I tog for fred, fridom og demokrati, midt på sommaren. Noko slikt har neppe nokon av oss opplevt før. For mitt vedkomande vart det ei markering til ettertanke. Rundt meg i toget i Førde gjekk minst 2.000 menneske, unge som gamle, mørke som kvite, folk med stav, folk i rullestol. Med eitt fekk desse verdiane som vi nesten ler av på nasjonaldagen, fordi vi tek dei for gjett, eit fornya innhald. Fred utan vald, fridom utan frykt, demokrati bygt på respekt har på nytt blitt kampsaker etter den ufattelege massakren på Utøya og i Oslo.

Frå Furevika til Bournemouth

Det var med stor glede eg fekk meldinga om at eg hadde motteke Furorestipend i fjor haust. Det siste året har i hovudsak gått med til å produsere ein 3 minutt lang animert kortfilm, Klovesteinen, inspirert av ei segn frå Førdeområdet. Det har vore ei utfordring å vere teamleiar, men det har vore ei spanande og lœrerik oppleving. Dei tre sunnfjordjentene i feletrioen Pretiosa har komponert musikken som akkompagnerer bileta som eg og resten av gjengen i England har kokt ihop.