Innlegg

Nye Norge

Dette er det nye Norgeskartet, presentert på årskonferansen til NHO denne månaden. Dei raude områda er dei sterke og mest vekstkraftige delane av landet. Eg bur i Sogn og Fjordane. Fylket har ikkje fått ein einaste liten raud flekk sjølv om bustadkommunen min Førde har hatt ei veksttakt på nivå med Oslo dei siste ti åra. Det er vel berre å innsjå realitetane og dra dyna over hovudet. Med mykje grått rundt tinningane og adresse i heilgrå bygdesone, er framtida dyster.

Livsviktig for landet

Det er berre å tilstå. Eg har ikkje lese den 300 sider tunge landbruksmeldinga som vart lagt fram den 2. desember i år. Det burde eg gjort sidan dette kan vere eit av dei viktigaste dokumenta for heimfylket mitt, Sogn og Fjordane. Men eg har lytta på presentasjonen til landbruksminister Lars Peder Brekk og skimta lyset.

Vestlandet i oss og på fjernsyn

Nøyaktig 20 år tilbake i tid var ein merkedag på Vestlandet.…

Krise og nytt syn

Eg har lyst å fortelje deg om ein kjenning av meg som har fått nytt syn. Det skjedde ikkje utan dramatikk. Det var krisestemning då hornhinna losna og dama i hu og hast vart sendt til legespesialistane på Haukeland. Der skjedde eit lite under. Hornhinna vart ikkje berre sveisa fast igjen, den vart også korrigert og kopla saman med ny linse. Det som var umogleg for nokre år sidan, let seg ordne med avansert utstyr og høg kompetanse. Auget vart justert frå minus 10,5 til minus 0,75. Pasienten kom ut frå sjukehuset med eit skarpare og klarare blikk enn nokon gong og takka for krisa ho hadde kome opp i.

Jobb nr 1

Har du køyrt frå Ørsta/Volda til øyane på Søre Sunnmøre? Før du anar er du komen heilt ut i havet til fugleøya Runde. Du kryssar fjordar og sund i eitt sett utan å sjå snurten av ferja. I staden susar du gjennom den undersjøiske tunnelen i Eiksundsambandet og over ei rekke bruer og fyllingar mellom øyane. Det som dukkar opp av flytande farkostar er avanserte farty for oljeindustrien og nymåla ringnotsnurparar.

Mannen mot straumen

I dag vil eg lette på hatten for ein professor. Han heiter Erling Holden og kjem frå Bærum. Han imponerer meg fordi han på mange måtar er mannen mot straumen og får til det dei færraste trur er mogleg.

Du og eg på prøve

17. mai-tog den 25. juli 2011. I tog for fred, fridom og demokrati, midt på sommaren. Noko slikt har neppe nokon av oss opplevt før. For mitt vedkomande vart det ei markering til ettertanke. Rundt meg i toget i Førde gjekk minst 2.000 menneske, unge som gamle, mørke som kvite, folk med stav, folk i rullestol. Med eitt fekk desse verdiane som vi nesten ler av på nasjonaldagen, fordi vi tek dei for gjett, eit fornya innhald. Fred utan vald, fridom utan frykt, demokrati bygt på respekt har på nytt blitt kampsaker etter den ufattelege massakren på Utøya og i Oslo.

Siste nytt om framtida

40 prosent av energiforbruket i Norge skjer innomhus. Eit plusshus skal ved hjelp av isolasjon, varmepumper og solpanel lage meir energi enn det brukar. EU-utval foreslår at innan 2019 skal alle, nye hus vere netto leverandør av energi. Over ein milliard menneske har ikkje nok mat til å ete seg mette.

Kystens 10-år?

Det som skjel Sogn og Fjordane frå nabofylka Hordaland og Møre og Romsdal er svakare utvikling på kysten. Hovudgrunnen er at nabofylka har fått titusenvis av arbeidsplassar i oljenæringa, Sogn og Fjordane berre nokre hundre. Men det neste tiåret kan kystsamfunna i Sogn og Fjordane få ein ny giv.