Innlegg

#Tempo12 og stolt sponsor

Seminaret handlar om suksessfaktorar i livet og er det største inspirasjonsseminaret for næringslivet i Sogn og Fjordane. For meg har Temposeminaret dei siste åra først og fremst handla om jobb – førebuing, tvittring og engasjement. Eg er stolt av at Sparebanken Sogn og Fjordane held fram som generalsponsor.

100 000 til årets gründerpris 2012

Vi ønskjer å stimulere til auka innovativ aktivitet i fylket og gje dei som allereie er innovatørar ei viktig merksemd. Difor går Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane saman med NRK og søkjer etter kandidatar til «Årets Gründerpris 2012».