Eit Pengetre i hagen

Lommepengar på agendaen. Igjen. Jentene har laga sine eigne lister med arbeidsoppgåver og prisa tenestene sine. Klistra listene opp på kjøleskapet og kryssa av kvar dag! Men… engasjementet har vore kortvarig og fokuset har drukna i kor-øving, fotball og korps. Så no skal vi satse på nytt. Innse at motivasjonen ligg vel så mykje i løna som i arbeidsoppgåvene. Difor skal vi starte i mål denne gangen.