Maritime kompetansemiljø i Sogn og Fjordane

Når dette blir lest er dei fleste frå våre maritime miljø samla på fiskerimessa i Trondheim. Her har ein klar å samle seg om ein felles stand for miljøa i fylket, noko som kan stå som symbol på samarbeidet som utviklar seg også på heimebane. Dei siste åra har endringane i fiskerinæringa vore store, og synonymt for dei som har lykkast er hardt arbeid, framsyn, evne til samarbeid og tilgang på kapital. Heldigvis har vi mange av disse i fylket frå Stadtlandet i nord til Byrknes i sør.

Er 222 millionar mykje pengar?

Dette var resultatet til banken før skatt etter 6 månader i år. Ja, det er mykje pengar. For mykje vil kanskje nokon seie, og tenkjer på at ein sparebank skal vere til for kundane og lokalsamfunna. Ja, det er dei vi lever av og lever for. Nettopp difor er det viktig at vi tener pengar. Mykje pengar!

Microsoft + Sogn og Fjordane = sant

Microsoft og Samsung har i lag med Hafstad vgs og Dale vgs inngått samarbeid om pilotprosjektet Det komplette læringsbrettet. Vi ser det som viktig å kunne bidra til å forsterke og vidareutvikle den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane, slik at den også framover kan hevde seg med dei beste resultata i landet. Vi har derfor gitt kr 50.000 i gåve til denne spennande satsinga.

Bulyst i Kalvåg

Eg les at Nye Bremanger har fått 2,1 millionar i offentlege midlar for å gjere bygda endå meir attraktiv. I ei tid då sentraliseringskreftene verkar sterkare enn nokon gong, krevst det ei skikkeleg mobilisering i distriktsnorge. Eg trur ikkje vi kan stoppe disse kreftene, men vi kan utfordre dei akkurat slik dei har gjort det i Bremanger dei siste åra. Lat oss ta knekken på mytene og haldningane gjennom konkrete handlingar. Stikkordet er nok ein gong SAMARBEID! Samarbeid som grunnlag for investeringar i infrastruktur og utvikling av eit lønnsamt næringsliv. Sjølve fundamentet for gode lokalsamfunn.

På den grøne greina i Europa

Datoen var 29. mai. Ein heilt vanleg onsdag i Sogn og Fjordane. På scena i Florø gjekk sjefen for den største banken i fylket med ferske tal om den økonomiske stoda. Han hadde køyrt frå Førde til kystbyen i morgonsol gjennom irrgrøne landskap, langs ein blå fjord og kvite fjelltoppar. På radioen hadde han høyrt sist nytt om økonomiproblema i Spania der kvar fjerde er utan arbeid og annankvar ungdom under 30 år ikkje veit om dei har håp om arbeid.

Skal bonden vere gartnar eller matvareprodusent?

Talet på menneske på jorda har passert 7 milliardar. Om få år vil det vere oppe i 9 milliardar. Ei av dei store utfordringane vi skal handtere, er å sikre at alle desse 9 milliardane får tilstrekkeleg med mat. Sjølv om dei fleste politikarane her til lands mest truleg også ser denne utfordringa, er det likevel enkelte av dei som tek til orde for at midlane i landbruksoppgjeret i større grad skal kanaliserast mot «landskapspleie». Dette opprørar meg.

Nye Norge

Dette er det nye Norgeskartet, presentert på årskonferansen til NHO denne månaden. Dei raude områda er dei sterke og mest vekstkraftige delane av landet. Eg bur i Sogn og Fjordane. Fylket har ikkje fått ein einaste liten raud flekk sjølv om bustadkommunen min Førde har hatt ei veksttakt på nivå med Oslo dei siste ti åra. Det er vel berre å innsjå realitetane og dra dyna over hovudet. Med mykje grått rundt tinningane og adresse i heilgrå bygdesone, er framtida dyster.

Livsviktig for landet

Det er berre å tilstå. Eg har ikkje lese den 300 sider tunge landbruksmeldinga som vart lagt fram den 2. desember i år. Det burde eg gjort sidan dette kan vere eit av dei viktigaste dokumenta for heimfylket mitt, Sogn og Fjordane. Men eg har lytta på presentasjonen til landbruksminister Lars Peder Brekk og skimta lyset.

Vestlandet i oss og på fjernsyn

Nøyaktig 20 år tilbake i tid var ein merkedag på Vestlandet.…

Krise og nytt syn

Eg har lyst å fortelje deg om ein kjenning av meg som har fått nytt syn. Det skjedde ikkje utan dramatikk. Det var krisestemning då hornhinna losna og dama i hu og hast vart sendt til legespesialistane på Haukeland. Der skjedde eit lite under. Hornhinna vart ikkje berre sveisa fast igjen, den vart også korrigert og kopla saman med ny linse. Det som var umogleg for nokre år sidan, let seg ordne med avansert utstyr og høg kompetanse. Auget vart justert frå minus 10,5 til minus 0,75. Pasienten kom ut frå sjukehuset med eit skarpare og klarare blikk enn nokon gong og takka for krisa ho hadde kome opp i.