Snakk med barna om pengar og sparing!

Diiingdong! Det ringer på døra. Eg og sambuar ser på kvarandre.…

Kva skal barna få lommepengar for?

Fotballkort, hårpynt, kontantkort, laurdagsgodt – barn har…

Elggjengen frå Hellesylt

Visste du at desse skumle typane herjar rundt i Kongleriket vårt?…

Elin og Fiol

Elin Ekorn har mykje å gjere. Ho har bestemt seg for å følgje draumane sine og har meldt seg på Fiol. Då ho såg annonsen i Kongleposten i går, kjende ho eit sug i magen. «Er du den nye songstjerna vår? Meld deg på Fiol.» stod det. «Innleiande rundar skal haldast neste veke.» Elin begynte å dirre over heile kroppen. Våga ho dette? Ho ville jo så gjerne, men det kjendest veldig skummelt på same tid. Til slutt bestemte ho seg. Ho skulle melde seg på.