God nok for arbeidslivet?

Næringsbarometeret er eit samarbeidsprosjekt mellom Innovasjon…

Ungdom og entreprenørskap – ein ressurs for fylket

For eit par veker sidan deltok eg på nettverkssamling for prosjektet…

5 000 kroner til festivalmoro

I år er det over 70 ungdomsbedrifter i Sogn og Fjordane. Som…

Heia Aud og Evan

Eg lettar på hatten for paret på bildet. Aud Melås og Evan…

Samarbeid er svaret

Det er ikkje akkurat autostrada på sørsida av Sognefjorden. Svingar du til høgre på Søreide mot Østerbø, blir det nærast utforståeleg korleis store trailerar krokar seg inn til den vesle grenda. Men det gjer dei, både titt og ofte. På Østerbø ligg nemleg ei moderne og offensiv industribedrift som har lukkast med leveransar til petroleumsnæringa fordi dei har forstått kva utviklingskraft som ligg i samarbeid med andre.

Vakkert framtidsbilete

Fredag 1. november sat eg i samfunnshuset i Florø og såg på eit vakkert bilete. Eg snakkar ikkje om kunst, ikkje om foto, ikkje om noko spektakulært, men om ein flokk unge menneske som Sogn og Fjordane har vanvittig bruk for.

Bulyst i Kalvåg

Eg les at Nye Bremanger har fått 2,1 millionar i offentlege midlar for å gjere bygda endå meir attraktiv. I ei tid då sentraliseringskreftene verkar sterkare enn nokon gong, krevst det ei skikkeleg mobilisering i distriktsnorge. Eg trur ikkje vi kan stoppe disse kreftene, men vi kan utfordre dei akkurat slik dei har gjort det i Bremanger dei siste åra. Lat oss ta knekken på mytene og haldningane gjennom konkrete handlingar. Stikkordet er nok ein gong SAMARBEID! Samarbeid som grunnlag for investeringar i infrastruktur og utvikling av eit lønnsamt næringsliv. Sjølve fundamentet for gode lokalsamfunn.