Gode idrettsvener!

Eg er tilbake på Breimstafetten etter mange, mange år borte og kan slå fast at mykje har endra seg. Men mykje er også som det var før; Det gode veret, flagga som er heist over heil breimsbygda, møkalukta og jammen er ikkje også sponsoren (SSF) den same som før. Det same er heilt sikkert også entusiasmen, kriblinga og spenninga hos løperane.

Bønder med framtidstru!

Førre måndag hadde eg ein fin dag. Ikkje ein roleg dag på kontoret om det er det du trur. Nei, eg var på kundebesøk, noko eg gjer altfor lite. I lag med nokon av mine medarbeidarar var eg inn om fire bedrifter i Breim og Jølster. Eg kallar det bevist bedrifter sjølv om det var bønder vi besøkte. Kvar for seg driv dei sine bedrifter med stor innsats, entusiasme og profesjonalitet. Sjølvsagt er det mange fleire som driv slik og fortener omtale, men la no disse fire stå som representantar for resten. Slikt gir meg tru på ei framtid for bygdene.

Kystens 10-år?

Det som skjel Sogn og Fjordane frå nabofylka Hordaland og Møre og Romsdal er svakare utvikling på kysten. Hovudgrunnen er at nabofylka har fått titusenvis av arbeidsplassar i oljenæringa, Sogn og Fjordane berre nokre hundre. Men det neste tiåret kan kystsamfunna i Sogn og Fjordane få ein ny giv.

Opplev Sogn og Fjordane

Ein kan vel knapt finne ei betre oppleving av det spanande som finst i Sogn og Fjordane enn Framtidsfylket sine karrieremesser. Kanskje lurer du på kva moglegheiter som finst i framtidsfylket, som til dømes kva for spanande jobbar Sparebanken Sogn og Fjordane kan tilby? Her er ein liten statusrapport frå messene så langt.

Utgreiingar erstattar politisk handlekraft!

Rapport nr 17 om Stad skipstunnel er akkurat klar. Nummer 17! Eg orkar ikkje ein gong tenkje på kor mykje tid, ressursar og pengar som er brukt i disse prosessane. Det er forresten ikkje mitt poeng heller. Ei tilsvarande sak er kva som skal skje med ubåten utanfor Fedje. Den med kvikksølv om bord, som de veit. Med skiftande statsrådar trengs sjølvsagt også nye utgreiingar. Som oftast endar dei opp med konklusjonar som høver til statsrådane sine synspunkt og på tidspunkt som er ufarlege i forhold til tida fram til neste stortingsval.