Oppføringer av Meir enn bank

Opplev Sogn og Fjordane

Ein kan vel knapt finne ei betre oppleving av det spanande som finst i Sogn og Fjordane enn Framtidsfylket sine karrieremesser. Kanskje lurer du på kva moglegheiter som finst i framtidsfylket, som til dømes kva for spanande jobbar Sparebanken Sogn og Fjordane kan tilby? Her er ein liten statusrapport frå messene så langt.

Utgreiingar erstattar politisk handlekraft!

Rapport nr 17 om Stad skipstunnel er akkurat klar. Nummer 17! Eg orkar ikkje ein gong tenkje på kor mykje tid, ressursar og pengar som er brukt i disse prosessane. Det er forresten ikkje mitt poeng heller. Ei tilsvarande sak er kva som skal skje med ubåten utanfor Fedje. Den med kvikksølv om bord, som de veit. Med skiftande statsrådar trengs sjølvsagt også nye utgreiingar. Som oftast endar dei opp med konklusjonar som høver til statsrådane sine synspunkt og på tidspunkt som er ufarlege i forhold til tida fram til neste stortingsval.

Rapport frå ein vektløftar

I juni lyfta eg på junior verdsmeisterskapet i vektlyfting i Bulgaria. Her rykka eg 159 kg, støyta 186 kg og gjorde 345 kg samanlagt. Med dette tok eg dei nordiske juniorrekordane i rykk og samanlagt, støyten har eg sjølv frå tidlegare. Dette var også kravet til elitepremien, Noregs vektlyftar forbund si høgaste utmerking . Elles […]

8 mill til folkepark på Hafstad

I vårt kapitalistiske samfunn må sparebankdrift vere fantastisk! I staden for å sende overskotet via børsen til eigarar som kanskje er langt borte, gir vi av overskotet tilbake til lokalsamfunnet, til glede for alle kundane som har vore med å bygge opp banken. Sparebanken Sogn og Fjordane stiller opp med 8 millionar kroner i gåve til […]