Oppføringer av Meir enn bank

Mannen mot straumen

I dag vil eg lette på hatten for ein professor. Han heiter Erling Holden og kjem frå Bærum. Han imponerer meg fordi han på mange måtar er mannen mot straumen og får til det dei færraste trur er mogleg.

Tre mot tre hundre

Tre mot tre hundre. Det er nesten slik det følas. Nervepirrande. Spennande. Utfordrande. Dei tre jentene eg møtte på Byrkjelo stadion var full av pågangsmot. Dei var skikkelig gira. Det er NM på heimebane, og som kick-off skal nesten 300 barn frå Nordfjord og Jølster samlast for å bli betre på kast til hopp og presisjon!

Du og eg på prøve

17. mai-tog den 25. juli 2011. I tog for fred, fridom og demokrati, midt på sommaren. Noko slikt har neppe nokon av oss opplevt før. For mitt vedkomande vart det ei markering til ettertanke. Rundt meg i toget i Førde gjekk minst 2.000 menneske, unge som gamle, mørke som kvite, folk med stav, folk i rullestol. Med eitt fekk desse verdiane som vi nesten ler av på nasjonaldagen, fordi vi tek dei for gjett, eit fornya innhald. Fred utan vald, fridom utan frykt, demokrati bygt på respekt har på nytt blitt kampsaker etter den ufattelege massakren på Utøya og i Oslo.

Skal det aldri bli skikkelig sommar?

Det er få ting som opptar oss nordmenn meir enn veret for tida. Bortsett frå nokre få fine dagar inn i mellom, har det nesten regna konstant dei siste månadane. “Syden er utselt” høyrde eg på radioen i går. Dette fekk meg til å tenke litt. Kva er eigentleg denne sommaren som vi støtt ventar på?

Bærekraftige kommunar

Denne veka har det vore ein interessant debatt i Dagens Næringsliv basert på ei undersøking frå NHO som rangerer kommunane i Norge ut frå kor bærekraftige dei er. La meg seie med ein gong at statistikk av dette slaget må ikkje takast som heile sanninga. Til det er det for unyansert og basert på nokon variablar som på langt nær dekker alt. Men likevel. Dette er interessant og det forundrar meg at det ikkje får meir merksemd i lokale og regionale media. Her er eit godt grunnlag for reflekterte og dagsaktuelle kommentarar og diskusjonar.

Frå Furevika til Bournemouth

Det var med stor glede eg fekk meldinga om at eg hadde motteke Furorestipend i fjor haust. Det siste året har i hovudsak gått med til å produsere ein 3 minutt lang animert kortfilm, Klovesteinen, inspirert av ei segn frå Førdeområdet. Det har vore ei utfordring å vere teamleiar, men det har vore ei spanande og lœrerik oppleving. Dei tre sunnfjordjentene i feletrioen Pretiosa har komponert musikken som akkompagnerer bileta som eg og resten av gjengen i England har kokt ihop.

Norge på sitt beste

Verdas lengste TV-program på 5,5 døgn fenga det norske folket. Over 2,5 millionar nordmenn ”sigla” med nrk2 langs norskekysten og let seg fasinere av landskapet, folkelivet og ikkje minst det himmelske kveldslyset i nord. Sjølv statsministeren vart sitjande å glane og kommenterte på si Twittermelding at ”dette er Norge på sitt aller beste.”

Furore – begeistring og stormande jubel

Det er få ting som gjer meg så stolt av å kome frå Sogn og Fjordane som når nokon herifrå presterer blant dei beste i verda. Det er nesten same kva “grein” det er snakk om, design, kunst, kultur eller idrett. Det er så flott når nokon herifrå greier å skape ei kollektiv stoltheit som vaskar vekk fogderi og kommunegrenser.

Siste nytt om framtida

40 prosent av energiforbruket i Norge skjer innomhus. Eit plusshus skal ved hjelp av isolasjon, varmepumper og solpanel lage meir energi enn det brukar. EU-utval foreslår at innan 2019 skal alle, nye hus vere netto leverandør av energi. Over ein milliard menneske har ikkje nok mat til å ete seg mette.