– Dette betyr kjempemykje. Eigentleg alt!

SKAL REKRUTTERE: Nordfjordakademiet er tildelt 600 000 kroner. Her får dagleg leiar Tonje Bjerkan det synlege beviset frå Ørjan Skåden, som er Sparebanken Sogn og Fjordane sin banksjef for bedriftsmarknaden i Nordfjord.

6. juli 2020 – Kristian Helle

Nordfjordakademiet skal rekruttere ungdommen til næringslivet i Nordfjord. Til denne jobben er dei tildelt 600 000 kroner frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Dette betyr kjempemykje. Eigentleg alt! No får vi ein veldig god moglegheit til å jobbe vidare mot dei måla vi har sett oss. Med denne gåva kan vi fokusere meir på arbeidsoppgåvene våre og sette i gang tiltaka, og mindre på den biten som går på etablering.

Det seier Tonje Bjerkan. Ho er dagleg leiar for Nordfjordakademiet, eit nyetablert akademi som er oppretta av Nordfjord Opplæringskontor. Jobben til  Nordfjordakademiet er i all hovudsak å sikre rekruttering til næringslivet i Nordfjord gjennom samarbeid med næringsliv, skuleverk og anna offentleg sektor sine utdanningstiltak.

Bindeledd mellom ungdom og næringsliv

Til denne jobben har Nordfjordakademiet fått 600 000 kroner. Pengane er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Dette set vi veldig stor pris på! Dette er den første store støtta vi har fått og det er heilt klart eit signal til oss at det er eit behov for det vi arbeider for. At banken har trua på det betyr alt, seier dagleg leiar Bjerkan,  og viser til følgande punkt som dei viktigaste for Nordfjordakademiet:

• Sørge for å halde på ungdommen lokalt for å sikre rekruttering til skule, lærebedrift og yrkesliv.
• Auke kunnskapen om yrkesval heilt frå barneskule til vidaregåande skule, for å byggje opp kompetansen deira på dei valmogelegheitene dei har i livet med utgangspunkt i yrkeslivet i Nordfjord.
• Få ungdom som reiser ut for utdanning tilbake til yrkeslivet i Nordfjord.
• Rekruttere ungdommar til regionen, for å gå på skule eller arbeide.
• Etablere eit løp for utdanning og oppfølging til fagbrev for framandspråklege.
• Etablere ulike løp for utdanning og oppfølging slik at fleire vaksne kan ta fagbrev.
• Jobbe for å etablere kurs og desentraliserte vidareutdanningstilbod for arbeidstakarane.

– Det er viktig at folk veit om at vi er eit bindeledd og knutepunkt mellom ungdom og næringsliv i Nordfjord. Vi skal følge ungdommen gjennom utdanningsløpet og auke kompetansen deira når det kjem til val av yrke. Om ein har fått opplevd å jobbe her først, så er også sjansen større for å komme tilbake når ein er ferdig å studere, seier Bjerkan.

– Naturleg for banken å støtte

Statistikken viser at éin av fem som reiser ut på studie kjem tilbake til regionen. Nordfjordakademiet har som målsetting at to av fem skal komme tilbake. Banksjef på bedriftsmarknaden i Nordfjord, Ørjan Skåden, seier at det å sikre ny og rett kompetanse blir svært viktig.

– Dette er eit viktig prosjekt for oss i banken. Mange av dagens tilsette skal gå av med pensjon dei kommande åra, og dette fører til eit stort behov for rekruttering. Det er derfor viktig for verksemdene å kartlegge kva kompetanse dagens studentar har og kor dei utdannar seg. Samstundes treng verksemdene å vise ungdommen kva jobbar ein har lokalt før og etter dei utdannar seg, seier Skåden.

– Og det er akkurat dette Nordfjordakademiet skal jobbe med, og for oss i banken er det sjølvsagt heilt naturleg å støtte dette prosjektet, seier banksjefen.

Les også om andre tildelingar dei siste vekene: